Gå til sidens hovedinnhold

To nye koronasmitta i Ullensvang

Det vart tysdag registrert to nye koronasmitta i Ullensvang kommune.

– Det gjeld to turistar frå utlandet som vart smitta i ein annan kommune, opplyser ordførar Roald Aga Haug tysdag kveld.

Dei to har ingen nærkontaktar og er isolert og under oppfølging av helsetenesta fram til 21 juli.

Dei to smitta skal etter forholda ha det bra med berre lette symptom.

– Vi har då totalt tre med covid-19 i kommunen per no inkluder tilfellet frå laurdag, som gjeld ein innbyggar. Alle nærkontaktane til denne innbyggaren ha testa negativt på første prøve, seier Haug.

Den smitta frå laurdag skal og ha det bra med berre lette symptom.

Kommentarer til denne saken