– To køyretøy fekk bruksforbod for overlast i dagens kontroll, dette var eit trekkvogn og ein varebil. Eit køyretøy fekk mangellapp for tekniske feil, dette gjaldt bremser på semitralle, opplyser Jo Kjetil Strand i ei pressemelding.

Statens vegvesen hadde kontroll på Seljestad både fredag og laurdag. Laurdag var 14 tunge køyretøy innom kontrollplassen.

Laurdag hadde Statens vegvesen også kontroll i Askane, Odda. Medan ein fredag hadde fleire merknadar der, melder Sveinung Bauge at det i dag var mykje bra.