(Firda)

På dei lågare nivåa er det dessutan avgjort at 30 av 44 seksjons- og mellomleiarar skal ha arbeidsstad i Bergen, skriv NRK.

– Vi skal ha leiarar som er plasserte i heile fylket, slik at vi har ei god merksemd mot heile den framtidige Vestland fylkeskommune, seier prosjektleiar og fylkesrådmann i det nye fylket Rune Haugsdal til NRK.

Haugsdal meiner fordelinga reflekterer aktivitetsnivået i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Framleis står det att rundt 25 leiarstillingar på dei lågare nivåa, og fylkesadministrasjonen i Sogn og Fjordane opplyser til NRK at Leikanger og Førde kjem litt betre ut når desse er på plass.

Ordførar Jon Håkon Odd (Ap) i Leikanger ser med uro på fordelingstala. Han fryktar at Bergen blir eit svært sterkt sentrum når det femårige stillingsvernet for dei tilsette i Sogn og Fjordane går ut.

– Eg er redd for at fordelinga blir endå skeivare enn i dag på lang sikt, seier Odd.