To aggregat i Sima ute av drift

Terje Børven, Audun Riber, Bjørne Rykken og Glenn Sandum planlegg akseloppretting på generator 1 i Sima.

Terje Børven, Audun Riber, Bjørne Rykken og Glenn Sandum planlegg akseloppretting på generator 1 i Sima. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Statkraft er i gang med reparasjon og rehabilitering av to aggregat i Sima kraftverk. Både Lang-Sima og Sy-Sima er råka.

DEL

– Me har hatt eit par uhell, og to aggregat er ute av drift. Eitt aggregat på kvart system er råka, opplyser kraftverkssjef Vidar Riber.

Sima Kraftverk består av to anlegg, Lang-Sima og Sy-Sima. Eit aggregat på kvart av desse vass-systema er no ute av drift.

– Me håpar å få i gang att drifta på aggregat 3 på Lang-Sima denne veka. Når det gjeld aggregat 1 på Sy – Sima så vil det truleg enno gå eit par veker før det er på drift att, seier Riber.

Vedlikehald

I perioden august – desember i fjor hadde Statkraft eit ganske omfattande vedlikehald på aggregat 3 på Lang-Sima. Då det aggregatet vart starta opp att var dei ikkje heilt nøgde.

– Me skulle fullføra jobben i byrjinga av mai, men i samband med testkøyringa oppstod det alvorlege problem med eit lager. Me har no arbeidd med dette, og håpar at drifta kjem i gang att denne veka, kommenterer kraftverkssjefen.

Det er ingen samanheng mellom dei to havaria, som begge skjedde i byrjinga av mai.

Størst i verda

Aggregatet på Sy-Sima har det største Pelton-løpehjulet i verda. Aggregata i Sima kraftverk har produsert jamt og trutt sidan kraftstasjonen var ny for 35 år sidan, og sjølv om ein følger opp utstyret regelmessig med kontrollar vert det slite og faren for uføresette hendingar aukar. Det er store krefter i sving, og skadane vart difor svært omfattande.

– Når eit turbinhjul på denne størrelsen mister ein skovel, så er det ekstremt store krefter i sving og ein konsekvens er at ein kan få store følgeskadar på anna utstyr. I dette tilfelle oppstod det og store vibrasjonar på aggregatet før det stoppa, og mellom anna som følge av dette må me no opna alle lager, rette opp att akslingen og bytta og rehabilitere ein masse delar, forklarar Riber.

I fjor var Hardanger Folkeblad med då han var på synfaring etter at Nedre Demmevatn forsvann.

Det er store og tunge komponentar som er tidkrevjande å reparera, men konsekvensen kunne ha vorte større.

Økonomi

– Me kunne ha fått totalhavari på heile aggregatet. Kanskje me hadde litt flaks opp i det heile, seier han.

Kraftverkssjefen kan ikkje kommentera økonomien knytt til at begge anlegga er råka av problem, men legg til at det er mykje snø og vatn i fjellet no. Prisane er difor låge.

– Dette skjedde på eit tidspunkt då me hadde god plass i magasina. Me har litt tap, men grunna tidspunktet er det ikkje kjempestort, seier Riber.