Fire nye bilhjul skal ha vorte stole frå industriområdet på Eitrheim anten 16. mai eller 17. mai.

Det melder politiet i Hardanger på Facebook tysdag denne veka.

I tillegg skal ein ladekabel til el-bil vorte forsøkt stole i tidsrommet mellom 13. og 16. mai. El-bilen stod og lada, og nokon har forsøkt å røske kabelen ut av kontakten både på bil og ladestasjon, skriv politiet på Facebook.

Dei oppmodar publikum om å ta kontakt med politiet dersom ein har opplysningar.