Samferdsleminister Torhild Skogsholm (V) har lagt fram regjeringa sitt framlegg til Nasjonal Transportplan 2006-2015 (NTP). Det er eit omfattande dokument som legg planar og rammer for kva som skal skje på samferdslesektoren i landet dei komande ti åra. Dokumentet tek for seg planar for veg, sjø og lufttrafikk. Stortinget skal fatte endeleg vedtak av planen i juni.
Ikkje overraska
Hardangerbrua er ikkje nemnt i NTP-framlegget. I ei pressemelding seier styreleiar for Hardangerbrua AS, Einar Lutro, at dei tek dette til «etterretning», men at dei vil jobbe for at Stortinget tek brua med i NTP når dei fattar avgjerd i juni.
- Dette var ikkje overraskande. Ettersom konsekvensutgreiinga som både Storting og regjeringa har bede om ikkje er endeleg avslutta, hadde vi ikkje trudd at ministeren ville ta inn prosjektet på det stadium prosjektet er i, seier Lutro til Hardanger Folkeblad.
- Venstre er ikkje oppglødde for brua, men me vonar at fleirtalet på Stortinget meiner noko anna. Strategien vår no er å jobbe med stortingskomiteen for samferdsle og sjølve Stortinget.
- Korleis tolkar de at regjeringa ikkje vil ha brua?
- Regjeringa tek ikkje stilling til brua. Det er ei skilnad på det og å ikkje ville ha den. Brua er ikkje ferdig planlagd. Men det er svært viktig å kome med i NTP, seier Einar Lutro.
Bygge sjølv
- Dersom Stortinget ikkje vil ha med Hardangerbrua, vil Hardangerbrua AS bygge brua utan statlege midlar?
- Ja, og dette vil me orientere samferdslekomiteen om, seier Lutro.
- Korleis vil spleiselaget då sjå ut?
- Den kabalen er ikkje lagd enno, men det vil truleg vere eigarkommunane, fylkeskommunen og bompengar.
- Men kva om Stortinget likevel seier nei?
- Ja, sjølv om eg har vondt for å tru det, så kan det kan jo skje. Alle bompengeprosjekt skal handsamast av Stortinget. Men skulle me få nei så er det freistande å tru at det ikkje er ynskjeleg at det bur folk i distriktet, seier Lutro.