Slanka bort 50 kilo på fem månader

Artikkelen er over 15 år gammel

- For eit halvt år sidan hadde eg ein kropp som var så stor at eg ikkje klarte å utføra dei mest daglegdagse ting. I august viste vektene 190 kilo. I løpet av fem månader har eg gått ned til 140 kilo. Det er herleg å kunna gå i trapper igjen, seier Olav L. Strand.

DEL

Det er ein liten solskinshistorie Strand kan dela med HF. Han har vist at det er mogeleg å koma ut av ein håplaus situasjon. - Berre eg skulle gå opp ei trapp vart eg sveitt og fæl. Kvar gong eg skulle køyra bil, sat eg med rattet i magen. Eg verkte i heile kroppen. Kroppen var heilt nedkøyrd. Eg kom til eit punkt der eg vakna opp og tenkte at no må eg gjera noko. Situasjonen min gjekk ut over heile familien, seier han.

Han kom i ein situasjon der han var flau over seg sjølv, og byrja å isolera seg frå omverda.

Kan eg ta fri?

Strand stod på venteliste til slankeoperasjon i Førde. No har han slått frå seg operasjonen. Kiloane skal bort ved eiga hjelp. Men korleis har han klart å gå ned 50 kilo på fem månader?

- Eg kom i kontakt med Almsenteret, som er den første slankefarmen i Norge. Det var via internett eg kom over dette tilbodet. Eg chatta dessutan med andre i same situasjon på nettstaden StoreGutter.com, seier han.

Strand stilte følgjande spørsmål til kona: - Kan eg ta fri ein månad og bruka 25.000 kroner på slankefarmen? Svaret var ja. - Viss du slit med overvekt, er det avgjerande at familien stiller opp. Utan støtte frå kona og borna, hadde eg ikkje klart dette.

Mange måltider

I haust tok han turen til Almsenteret. Allereie før han drog, var han i gang med å gå ned i vekt. Strand ber folk gløyma alt som er av pulverkurar og den slags. Oppskrifta er enkel og grei: riktig ernæring og mykje mosjon.

Mange trur at slanking handlar om å svelta seg. Strand avlivar denne myten. - Før eg drog til Almsenteret vart eg fortald av leiinga på senteret at eg ikkje skulle gå svolten ein einaste dag i løpet av dei fire vekene. Vi åt sju gonger om dagen. Det var måltid anna kvar time. Poenget er at du et rett mat og ikkje for mykje.

Alt før han drog til slankefarmen hadde han tatt av 18 kilo. Heile familien la om kosthaldet. - Opphaldet på Almsenteret handlar om å ta vare på deg sjølv. Vi var fjorten personar på kurset og vi hadde ein fredeleg og god månad. Vilkåret for å koma med på kurset er at ein er i stand røra på seg og at ein klarar å rydda og vaska etter seg, seier han.

Eit samfunnsproblem

På kurset lærte deltakarane mykje om ernæring og kosthald. Etter Strand sitt syn er det for lite kunnskap om dette emnet i samfunnet.

- Det er ein eksplosjonsarta auke i talet på overvektige personar. Fedme er i ferd med å utvikla seg til eit samfunnsproblem. I min ungdom var det svært få som var tjukke. I dag ser ein stadig fleire barn og ungdomar som er overvektige. Kombinert med lite fysisk aktivitet, er dette skadeleg, seier Strand. Han rosar Tyssedal barneskole for å delta i forsøksprosjektet om fysisk fostring. - Det er viktig at elevane blir medvitne på dette området, seier han.

No har familien Strand kjøpt hund. Dette er ein ekstra motivasjon for å koma seg ut. Han går stort sett til og frå jobb og han prøver å vera flink med turgåing elles.

Nytt liv

- Du er no 140 kilo. Kva er målet?

- Eg skulle ha vore nede i 80 kilo, men ein stad mellom 90 og 100 kilo må vera eit greitt mål. Klarar eg å koma ned i 120 kilo til sommaren er eg svært nøgd. Eg hadde vel ikkje i min villaste fantasi trudd at eg skulle ta av 50 kilo på fem månader.

- Korleis merkar du forskjellen?

- Eg merkar det på alle måtar. Tidlegare hadde eg vondt i ledd, og eg var plaga med sure oppstøyt og halsbrann. No er alt dette borte. I tillegg klarar eg å utføra dei daglege gjeremåla på ein heilt annan måte. Eg er ikkje trøytt for den minste ting lenger. Eg har kort sagt fått eit heilt nytt liv.

Mange har vanskar med å snakka om si eige vekt. Olav L. Strand ønskjer å dela sin historie med andre. - Viss eg kan hjelpa andre som er i liknande situasjonar, gjer eg det med den største gleda, seier Strand. No ønskjer han å få i gang eit lokallag av Landsforeningen for overvektige i Indre Hardanger.

Artikkeltags