Samde om høgdemåling på Haukeli

Artikkelen er over 13 år gammel

Om dei ikkje ser lyset i enden, vart dei i alle fall samde om kor høgt det er under taket i Haukelitunnelen, Statens vegvesen og Norsk Lastebileierforbund (NLF), då dei saman med folk frå Haukelivegen, målte seks-sju problemområde i denne største flaskehalsen for tungtransporten på europaveg 134.

DEL

-Man kan ikke se den grense under vann! proklamerte den russiske ubåtkaptein Harald Heide Steen jr. i si tid. For trailersjåførane som køyrer europaveg 134 over Haukeli, er problemet at dei ikkje ser kvite striper langs vegen.

Dette er eitt av momenta som kom fram under ei kontrollmåling av dei seks-sju problempunkta i Haukelitunnelen, som etter NLF si meining er det som skal til for å kunna auka køyrehøgda til i alle fall 4,10 meter.

Skadar for millionar

Målet med møtet var at partane skulle verta samde om måleresultata og metodane. Folk frå Mesta målte, medan representantane frå vegvesenet, NLF og Haukelivegen kontrollerte. Og dei vart samde.

Sjølv om dei har fått mykje kritikk etter at dei sette i gang aksjonar i fjor haust, forsvarte distriktsvegsjef for Hardanger og Voss, Arnfinn Ansok tiltaket. Frå 2000 til september 2004, er det registrert 26 større skadar, dei fleste i Haukelitunnelen, Røldaltunnelen og Seljestadtunnelen, som har kosta vel 2,3 millionar kroner. Berre fem av syndarane er kjende.

Det er faktisk registrert heile 75 skadar berre i Haukelitunnelen. -Utviklinga har også sett tryggleiken i fare. Det kunne me ikkje sitja stille og sjå på lenger, sa Ansok og kollega Trude Holter i Telemark.

Håpar på ro

-No håpar me det vert ro omkring målingane og legg diskusjonen om høgdene død, sa Ansok då han summerte opp etterpå. Vegvesenet vil prioritera å auka køyrehøgda til 4,1 meter over heile strekkja i løpet av 2005. I tillegg kjem ein del andre tiltak. Mellom anna vil dei utvida nordenden av Seljetstadtunnelen og laga snunisjer i Røldaltunnelen og Haukelitunnelen.

Sjølv om det ikkje er snakk om så mange punkt, er det ikkje berre å sprengja vekk dei knausane som er for låge. På fleire av dei må ein fyrst fjerna skummattene og boltane, så sprengja vekk og deretter leggja på at matter. I tillegg krev brannvesenet minst 6 cm sprutbetong utanpå. Også det byggjer, slik at ein må sprengja bort endå meir enn det kan sjå ut for. På grunn av lover og regelverk, vil det også måtta ta noko tid. Men anboda vil gå ut retter etter påske, sa Ansok.

Håplaust etterslep

-Haukeli er eit håplaus etterslep, og me forventar at vegvesenet grip fat i problempunkta og utbetrar dei så fort det let seg gjera, sa administrerande direktør i Gunnar Apeland NLF. Han var langt meir utålmodig, sjølv om han var klar over at ting tek tid.

-Fyrste mål er 4,10 meter heile døgeret. Ordninga med nattkøyring er ikkje god nok, sa han. Distriktsjef i NLF Vest Telemark, Olav Vefall var samd. Han etterlyste også skikkelege kantstriper, som sjåførane kunne ha til å sikta etter.

Dei to distriktsvegsjefane vona elles å få større utbetringar og fullgode løysingar inn på den nasjonale veg- og trafikkplanen for perioden 2010 til 2019.

Artikkeltags