Rørande nynorsk kulturkveld

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

I samband med Noregs Mållag sitt 100 års jubileum skipa Ullensvang og Odda Mållag til ein flott kulturkveld i Odda kino søndag.

DEL

Mange tok turen til Odda kino søndag kveld for å vera med på Odda og Ullensvang si markering av Noregs Mållag si hundreårsfeiring. Salen var nesten full og publikum fekk servert gode innslag i mange sjangrar utover kvelden. Alt på nynorsk sjølvsagt.

Programleiar var Sylfest Lomheim som til dagleg er direktør for Språkrådet. Han var roleg og god, og fortalte om opphavet til ulike namn og ord, og bidrog til å gjera denne kvelden verdig og flott.

Variert program

Først ute var Odda Songlag. Dei framførte ein norsk bruremarsj, og tre vakre viser av Mikis Theodorakis med tekstar på norsk, før Frode Grytten gjesta kvelden både som seg sjølv og Arne Speed Mikalsen.

Frode las utdrag frå kapittelet «Å kaste hattar opp i lufta» frå Bikubesong til mykje latter i salen.

Enda meir latter framkalla «stand-up»-karakteren Arne Speed Mikalsen. Han las opp nokre dikt som han enno ikkje har fått utgitt. Dei vitsa om både ordførar Mikkelsen, rådmann Kristoffersen og klasseturen til Lars Ove Seljestad. Nils Johan Ystanes som klagar over kulturfolket som vil fylla 1. mai med «bøker og dikt», fekk også gjennomgå.

Kvelden yngste bidragar, var ungdomskuleeleven Vidar Råen frå Grimo. Han haldt eit avdekkande minikåseri om fruktbøndene i Hardanger, medan Jan Gravdal haldt eit megakåseri om Hardingar og historia deira fram til no.

Lajla Buer Storli spelte hardingfele og kveda ny tone på «Den fyrste song» med Per Sivle, Oddbjørn Lynghammar las opp historiske skriv frå Røldal om målstriden i 1905, og Geir Sekse stod for kveldens mest imponerande framføring. Utan manus formidla han «Bygda søv» av Jacob Sande.

Utdelte Målpris

Denne kvelden vart Bård Kolltveit tildelt målprisen for 2005. Kolltveit har utgitt fleire bøker, både på engelsk, bokmål og nynorsk. Alt i alt 14 stykk.

Han har også skrive fleire artiklar i «Odda i Manns Minne» om skjeringspunktet mellom industriarbeidaren sin kvardag og realitet, og det gamle bondesamfunnet sine verdiar og oppfatningar. Bård Kolltveit var rørt og glad over å få prisen, og samanlikna denne kvelden med ein god 17.mai i Hovden.

Då det nærma seg slutten på arrangementet, kom bandet «Ivar Hoffs» med Svein Ivar Angell på vokal på scena. Med tekstar av Ragnar Hovland og Kjartan Fløgstad, viste dei ein gong for alle at songar er best på (ny)norsk.

Då dei spelte Mike Scott sin «Fishermans Blues» med ny tekst av Frode Grytten, viste dei at songar kanskje er best når dei held seg unna sentimentale klisjérim og heller spring ut av eigne erfaringar og vert sunge på eigen dialekt.

Kvelden vart avslutta med songen «Nordmannen» som vart framført med ståande allsong av publikum i salen og gjestene på scenen. Ei flott og verdig markering av Noregs Mållag sine hundre år.

Artikkeltags