Kongegull til Bjarne Instanes

Artikkelen er over 12 år gammel

Fredag fekk allsidige Bjarne Instanes tildelt Kongens Fortenstmedalje i gull. Han har bygd bruer, tunnelar - og hardingfeler og sett varige spor både i inn- og utland. Det kom fram både i talen til fylkesmann Svein Alsaker og frå dei svært mange som helsa han på den store dagen.

DEL

-Du er ein fagleg einar og, ein tusenkunstnar både teoretisk og praktisk. Du evnar å sjå og syna den ferdige løysinga alt i startfasen av eit prosjekt. Gjennom rådgjeving og planverksemd har du ofte gjort det umogelege mogeleg, sa fylkesmann Svein Alsaker då han overrekte Kongens gull til Bjarne Instanes på SAS-hotellet i Bergen fredag.

I den svært innhaldsrike talen fekk han fram den store spennvidda i Bjarne Instanes sitt lange, aktiv og skapande liv. Mellom dei "umogelege" prosjekta nemnde han mellom anna skipstunnelen under Statdlandet, skredmuren på Bleie, teknikken som gjer det mogeleg å fundamentera og byggja på permaforst i polare strok, Arboretet på Milde, Ulriksbanen og den lengste fritt-fram brua i betong i verda - Stolmenbrua.

Starta på Grimo

Det var tidlegare ordførar i Ullensvang som i fjor gjorde opptakten til heideren. I eit brev til tidlegare banksjef i Vestlandsbanken (og islands konsul i Bergen) Arne Holm, skreiv Hesthamar at det hadde både plaga han og forundra han lenge at Bjarne Instanes aldri hadde fått ei offentleg påskjøning. Brevet var skrive ei tid etter at Instanes fylte åtti år, den 2. juni i fjor. Holm sende ballen vidare og administrerande direktør i Opticonsult Ole Petter Thunes, har ført sjølve søknaden i pennen.

Opticonsult er det selskapet som Bjarne Instanes sitt eige firma gjekk inn i for to år sidan. Men det heile starta på Grimo, der Bjarne vaks opp. Alt 14 år drog han heimanfrå, til eit eventyrleg og innhaldsrikt liv. Det var mora som ivra for at han skulle få utdanning. Etter Framnes hoppa han rett over i andre klasse ved Landsgymnaset på Voss. Bjarne var mellom dei 150 norske ungdomane som etter krigen fekk gratis studieplass i Sveits. Her likte han seg svært godt, og vart verande i tre år etter at han var ferdig utdanna som diplomingeniør/sivilingeniør.

Puddefjordsbrua

Då venta verneplikta. Styresmaktene heime trua med å ta frå han statsborgarskapet viss han ikkje kom og gjorde verneplikta si. Han vart til og med trua med å verta arrestert sporenstraks han kom heim att, om han ikkje kom der og då. Det vil seia i 1953.

Verneplikta utførte han som planleggjande ingeniør i forsvaret, med to-tre kroner i dagpengar og gratis kost og losji. I Sveits lærde Bjarne om taubanar. Kunnskap som seinare kom til nytte ved prosjektering av mellom anna Ulriksbanen og Hangursbanen. Det var også i Sveits han fekk grunnleggjande kunnskap om bruer. Han fekk til og med ein diplom for glimrande betongkonstruksjonar.

I 1954 byrja Bjarne Instanes som rådgjevar i firmaet Caspar Trumpy, og han fekk ansvaret for både å teikna, berekna og seinare kontrollera sjølve byggjefasen av Puddefjordsbrua. I 1960 starta han sitt eige personlege rådgjevande ingeniørfirma som raskt vaks seg opp til nesten 70 tilsette.

Det fyrste store prosjektet deira var Sør-Norge Aluminium på Husnes. Seinare har firmaet med Bjarne i spissen utført meir enn 2 400 enkeltoppdrag i inn- og utland. Rundt 400 av dei på Svalbard.

Ris til Vietnam

Til medaljeutdelinga fredag var det invitert rundt femti gjester, mellom dei den nærmaste familien, sonen Arne, døtrene Marit og Randi og fem barneborn. Kona Marianne var på slektstreff i Sveits.

Æresgjesten var eit einaste stort smil. Ikkje berre på grunn av at den eine etter den andre reiste seg og supplerte det som fylkesmannen alt hadde teke med. Bjarne Instanes er ein blid og likandes kar, noko som også vart poengtert av alle som hadde ordet.

Det er nesten uforståeleg kva han har fått gjort. Utanlands har han til dømes drive med brubygging i Malawi, bistand til fiskerinæringa i Gambia, flyplassbygging i Saudi Arabia, UNICEF-oppdrag i Libanon, fiskeriprosjekt i Tanzania og planegging av kolkaiar og eksport av ris i Vietnam.

I 1984 omgjorde han verksemda til akjeselskap og i 2004 gjekk firmaet Bjarne Instanes AS inn idet nye fleirfaglege selskapet Opticonsult AS.

Framleis aktiv

Hovudpersonen er framleis aktivt med, fortel sonen Arne. Seinast måndag skal dei ha ferdig eit prospekt som grunnlag for ein søknad om midlar i samband med eit spenstig forskingsprosjekt under tusen meter tjukk is rundt Antarktis.

Åttiåringen Bjarne har alt sett føre seg løysinga. Han kan det meste om polare tilhøve. Sidan slutten av 1960 åra har han nemleg vore aktivt med i byggjeprosjekt på Svalbard. Etter at han utvikla prinsippet for å fundamentera bygningar direkte på permafrost ved hjelp av kunstig kjøling, balla det på seg. Og i dag kan han sjå attende på minst fire hundre prosjekt berre på Svalbard.

Suksessen og det banebrytande arbeidet her, gjorde også at han fekk oppdrag med ein ny permanent forskingsstasjon for Norsk Polarinstitutt på Dronning Mauds Land på Sydpolen. I fjor vart stasjonen utvida og opna av Dronning Sonja.

Bru- og felebyggjar

Bjarne Instanes har også vore avgjerande for at Bergen og omland har fått betydelege kunstverk, som steinbrua i Christieparken, Regnhytta ved Store Lungegårdsvann og Olav Kyrre statua. Bjarne både utforma, bygde og kosta Kongebrua ved Hordamuseet og Instanesbrua ved Fana kyrkje. Den siste vart opna av Kong Harald i 2003.

Mellom gjestene på fredag var prost Per Barsnes. Han takka Bjarne Instanes og gav han avgjerande æra for at kyrkja og området, som i si tid var prega av sterkt forfall, vart kåra til tusenårsstad for Bergen kommune.

Bjarne Instanes er også habil hardingfelespelar og han har bygd åtte feler av høg musikalsk, teknisk og kunstnarleg kvalitet. Ei av dei fekk sylvmedalje under Landskappleiken i Trysil i 1989.

Oppteken av kva som var rett

- Noko som heng svært høgt, kunne meisterspelar Leif Rygg fortelja då han helsa frå Ole Bull Akademiet på Voss, med å spela både Sørfjorden og Budeiene på Vikafjell. Bjarne var i si tid ein av pådrivarane for å få i gang akademiet.

På eit oppdrag i Vietnam, underheldt han lokale medarbeidarar med norsk folkemusikk. Mange minnest elles seglturar med "Amanda" - oppkalla etter bestemora. Mellom dei var tidlegare administrerande direktør for Stor Norske Kullkompani på Svalbard, Gunnar Christiansen og direktør for Norsk Polarinstitutt Olav Orheim.

- Du var alltid den som fann det teknisk og økonomisk mogeleg å gjennomføra eit prosjekt. Du var aldri oppteken av kven som hadde rett, men av kva som var rett, sa tidlegare Statoildirektør og noverande nestleiar i styret i Opticonsult, Jakob Bleie, som vidare gav eit av mange fine bilete på heidersgjesten denne dagen: -Ein stein som ligg i ro, drep alt graset under seg. Du har aldri lege i ro, sa Bleie.

I forkant med det meste

Dei varmaste helsingane fekk heidersgjesten likevel frå dei aller nærmaste. -Du er symbolet på ein mann som heile tida tenkjer nytt. Du har evna til å inspirera og er oppteken av andre sitt ve og vel, sa sonen Arne før dottera Marit Instanes heidra faren med ein flott prolog.

Mellom helsingane var også eit brev frå Sigrid og Torolv Hesthamar. Tidlegare vegsjef Josef Martinsen minnest mange gode samarbeidsår og -prosjekt. Den tidlegare kontordama Bjørg Christensen minna tida frå starten i 1963 då staben talde fem personar. Ingen tvil om at han var like dugande som bedriftsleiar som nyskapar.

-Bjarne var i forkant med det meste. Han innførde eigen pensjonsordning for dei tilsette lenge før folketrygda kom. Han leverte tusjteikningar i mange år medan andre framleis brukte blyant, og då han utvikla ei revolusjonerande databasert teiknemaskin, vekte det åtgaum i store krinsar rundt han, sa ein av dei som har arbeidd lengst saman med Instanes, nemleg sivilingeniør Johannes Reigstad.

Stort ansvar

-Å vera rådgjevande ingeniør inneber eit stort ansvar, sa han og tenkte mellom anna på mange store bygg som dei siste åra har rasa saman på grunn av snø og vind. Det har aldri skjedd med noko av det Bjarne har signert, og livsverket hans vil stå for all ettertid.

Staden for utdeling av medalja var heller ikkje tilfeldig valt. Saman med arkitekt Øivind Maurseth har Bjarne Instanes stått for mange bygningar som i sum har sett sitt preg på Bergen. For både SAS-hotellet og nabobygget Bryggen Museum, hausta dei internasjonal merksemd. Museet fekk tildelt ei utmerking for utsøkt bruk av betong, medan hotellet i 1985 vart tildelt "Waterfront Award" for god utforming og vidareføring av tradisjonell byggjeform.

Under samkoma vart det også rekna opp ei rekkje verv og mange års frivillig innsats i fleire organisasjonar.

Samkoma fredag levnar ikkje nokon tvil om at barndomsvennen Torolv Hesthamar har mange med seg når han spør kvifor ikkje nokon har heidra Bjarne Instanes for mange år sidan.

Artikkeltags