Sundag dukka ordførar Solfrid Borge opp på Jolatorget på Nå. Då ho tok ordet, sa ho at ho var imponert over det grenda fekk til, at dei både var kreative og brydde seg.

Hovudgrunnen til at ho var der, var likevel ein bestemt person, eller som ho sa, ein lokal helt.

-Me har mange heltar, men me veit ikkje like mykje om alle. Jakob Kråkevik er ein av dei, og han er slett ingen liten helt, sa Borge, før ho lista opp nokon av merittene hans.

Kråkevik er allsidig innan skyttarsporten. I pistol har han alt frå bronse til gull i NM og i Ag3-klassen har han toppa NM-pallen heile tre gonger. I haust vann han og ein internasjonal konkurranse i Nederland i kamp med 130 skyttarar. Han var og på det norske vinnarlaget i konkurranse med ti andre land.

-Dette er prestasjonar det står respekt av, sa Borge, og utropa Jakob Kråkevik til Ullensvang sin store skyttarhelt idet ho overrekte han den flotte vasen og ein bukett blomar.