Kjempestemning i Eidfjord

Artikkelen er over 14 år gammel

Landskappleiken i Eidfjord viste at den norske folkemusikken er sprell levande, at folk er flinke til å kose seg og at Eidfjord kan dette med dugnad. Som høfleg vertskap nøgde Hardanger Spelemannslag seg med å sende Åse Teigland på ein tredjeplass og Frank Rolland på fjerdeplass i A-klassen for hardingfele. Knut Hamre vart utnemnt til heidersmedlem i Landslaget for spelemenn.

DEL

Med sydaust og storm i kasta på onsdagsnatta, yr og skodde på torsdag, lett overskya fredag og strålande sol på laurdag og blanding av alt dette på sundag fekk kappleiksgjestene i Eidfjord erfare at Hardanger kan by på mykje ver. Men heldigvis var det ikkje omvendt rekkefølge. Arrangementet byrja med ein forrykande opningskonsert i Eidfjordhallen, og enda med ein like strålande meisterkonsert på sundag, der vinnarane i dei gjævaste klassane fele og hardingfele vart kåra.

Fjellstøtt arrangement

Men før sundagen kom til Eidfjord skulle det skje masse, masse, masse. 1400 kappleikarar skulle tevle og møtast for moro, og slikt dreg med seg fleire. Med firedobla folketal bobla Eidfjord av folkeliv nede ved fjorden, på campingplassane, i heimane, på hotella og på Lægreid, der sjølve kappleikshjartet låg. Her vart pressa teken hand om på beste vis, her dirigerte dei dugnadsfolka (450 personar i alt!) hit og dit, her kokte dei og her tevla dei i klassar som dans, munnharpe, lausdans, fele, lagspel og mange fleire.

Overalt kunne ein høyre folkemusikken og sjå glade folkedrakter pendle mellom arenaene, eller sitte i ro eit bel medan dei smakte på hakkasteiken eller finnbiffen til Aud Laingen Hamre og hennar kjøkenstab. Kjendiskokk Frode Aga dukka sjølvsagt også opp med fjellaure og lammelår.

Lufta i applausen

Eidfjordhallen har blitt flittig nytta sidan den stod klar for eit par år sidan. Som hovudarena på Landskappleiken gjorde den også jobben. Over 1400 personar fekk med seg finalen i Klasse A for hardingfele. Det vart litt bakaromn då sola gjorde sitt beste for å varme oss opp, men vaktene opna dørane og slapp folk og luft inn og ut på kvar applaus - og dei var det mange av! Frå den vesle stolen på den store scena rulla musikarane ut gangarar, springarar og slåttar så publikum jubla.

Fullasta Granvin

Skulle det verte for vart, var det altids ei råd med det også. Ein kunne til dømes ta eit «kappleikscruise» gamle fjordbåten «MS Granvin». Mange gjorde nettopp det. Etter det Hardanger Folkeblad kjenner til var cruisegjestene så mange at foreininga som tek seg av Granvin sat att med ein fin slump pengar. Så fekk også gjestene valutta for pengane. Båten la seg i ro tett ved fjellsida i Simafjorden. Motoren stilna, og så kom overraskingskonsertane med musikarar og songarar som Knut Hamre, Monika Kolskår og mange fleire. Dette vert nok eit spesielt minne for mange.

Noko anna du kunne gjere var å ta ein tur inn i det mest verdifulle eldhuset i Eidfjord denne helga. For her stillte Bjarne Instanes ut felesamlinga si. Bjarne vil selje felene sine no, og han fortalde oss at samlinga inneheld Aasen-feler, Kvandal-feler, Helland-feler, Røstad-feler og fleire vakre instrument. Dei låg på rekke og rad i det vesle eldhuset.

- Eg har ein dunge til ute i bilen, sa Bjarne.

Dei som hadde 70000 kroner på lomma kunne få ei av dei beste felene til Bjarne, men han hadde ei fele til ein kvar pris også, og mange var innom for å teste instrumenta.

På jakt etter buskspel

Rundt på dei ulike campingplassane hadde folk prikkuert seg på ymse vis. Beste campen me fann var setesdølene sin leir på sletta bak NVE-bygget. Dei hadde eit digert telt med omn, kjøleskåp, ordentlege senger i tre og eit stovebord med Baileys og spekelår på. Her gjekk dansen natta lang. Andre gjester som merka seg ut var Johan Vaa og ni andre som hadde gått frå Rauland og tvers over Hardangervidda.

Laurdagskvelden var det som dei andre kveldane dans på alt areal større enn tre kvadratmeter. Spelemannsprisvinnarane Quarts fyllte dansegolvet på Vøringsfoss Hotel, men stemningsmessig kunne ingen tevle med orkesteret som spel utandørs ved same hotellet. Den lyse junihimlen over fjellet og ein stødig kontrabass spela saman til friske tilrop og begersvinging. Denne natta slutta seint i Eidfjord.

Spaning til siste slått

Sundag var oppbrotsdag, men arrangørane hadde gjort noko lurt. Dei sette Kongepokalen opp i disiplinen Hardingfele i år. Dessutan endra dei finalereglane slik at tre finalistar kappspelte på ny laurdagskvelden, men vinnaren vart ikkje avslørt før under meisterkonserten på sundag. Dermed heldt dei på publikum heilt til siste slått.

Det var knytt stor spaning til kven som ville vinne, og for Hardanger sin del var det ekstra spennande. Åse Teigland, frå Utne var ein av dei tre finalistane. Hardanger Spelemannslag var nemleg høflege nok til å berre sende eit medlem til finalen, som høveleg er for den som er på heimebane. Frank Rolland frå same grenda hamna på ein fjerdeplass. Etter meisterkonserten på sundag var det klart at Åse Teigland hamna på ein bronseplass, med Leif Rygg og meisteren sjølv, Jan Beitohaugen Granli framfor seg. Men Hardanger Spelemannslag må sjå seg svært nøgde med den flotte fjerdeplassen til Rolland og tredjeplassen til Teigland.

450 personar frå heile distriktet stillte opp for å hjelpe til under Landskappleiken. Slik vart den litt «aokans» for alle. For ein arrangør er det alltid litt skummelt med alt som kan gå gale, eller vise seg å vere under- eller overvurdert. Einaste som ikkje gjekk etter planen i Eidfjord i helga var at ein gjekk tom for hakkasteik og t-skjorter ein stad utpå laurdagskvelden. Når ikkje anna bryt med planen enn det, kan ein sjå seg svært nøgde med at Landskappleiken 2004 i Eidfjord vart ein svært vellukka folkefest.

Artikkeltags