Guttorm får statsstipend

Artikkelen er over 13 år gammel

- Ein kvar kan gjerne drøyma om lottogevinst, men eg hadde ikkje i min villaste fantasi drøymt om statsstipend, seier Guttorm Rogdaberg.

DEL

Det er ikkje alle som får oppleva å sjå sitt eige namn skrive i statsbudsjettet. Det har Guttorm Rogdaberg (56) fått. Regjeringa Bondevik føreslår at kulturberaren frå Sørfjorden får statsstipend fram til pensjonsalder. Det inneber ei fast årleg løn løyvd over Kulturdepartementet sitt budsjett.

Sjølv om Stoltenberg overtek styre og stell i dag, er det absolutt ingenting som tyder på at dei raudgrøne vil endra på forslaga til Bondevik-regjeringa på dette punktet. Guttorm Rogdaberg er ein av fire nye statsstipendiatar.

Audmjuk

Gardbrukaren har ei lang merittliste innan kultur- og samfunnsliv. Sidan 1992 har han vore engasjert ved Agatunet. Først som styreleiar, og no som dagleg leiar i halv stilling. Han har hatt ei rekkje verv i organisasjonslivet, både lokalt og nasjonalt, og vore politisk aktiv i heradsstyret i Ullensvang. For mange er han mest kjend frå kulturlivet, som kjøkemeister og som primus motor for ei rekkje kulturprosjekt.

- Eg veit ikkje heilt korleis eg skal uttrykkja meg, kjem det frå Rogdaberg då vi møter han i Agatunet dagen etter at statsbudsjettet er lagt fram. Den elles så taleføre mannen har vanskar med å finna ord.

- Eg er audmjuk. Eg har vore heldig som har fått så mange kjekke oppgåver opp gjennom åra. Det har gjeve meg eit stort kontaktnett, noko eg er svært takksam for. Eg håpar at stipendet og den erfaringa eg har opparbeidd meg, kan vera til nytte for andre, seier han.

Jordskiftesenter

Guttorm Rogdaberg har fleire ting å jubla for i samband med statsbudsjettet. Regjeringa føreslår ein million kroner til arbeidet med å etablera eit jordskiftesenter som er knytt til Agatunet. Dette er eit av hjartebarna til Rogdaberg.

- Ideen har fått god mottaking i fagmiljøet. No håpar eg at vi får eit senter som kan fortelja historia om jordskifte, og som kan setja dette inn i ein nasjonal og internasjonal samanheng, seier han.

- Korleis vil du bruka den fridomen som stipendet gjev?

- Eg kjem til å arbeida i same retning som før, men eg står litt friare. Eg har hatt anna arbeid ved sidan av heile tida. Stipendet gjer at eg kan frigjera meg litt frå den daglege drifta ved Agatunet og kanskje arbeida meir med jordskifteprosjektet.

- Når står jordskiftesenteret klart?

- Det er eit stort arbeid, og det kjem til å gå nokre år, men det er eit arbeid eg har stor tru på, seier Rogdaberg.

Nøgd direktør

Direktør Solveig Jordal ved Hardanger Folkemuseum er svært nøgd med at Guttorm Rogdaberg får stipend og at det er sett av ein million til jordskiftesenteret.

Ho er også glad for at staten endeleg tek ansvar for å følgja opp museumsreforma. Regjeringa føreslår 1,5 millionar kroner til den nye driftsorganisasjonen for dei sju konsoliderte musea i Hardanger.

- Dette er eit vendepunkt. Alternativet var å ikkje iverksetja reforma. Eg ser på denne summen som ei grunninvestering i organisasjonen Hardanger Museum, seier ho.

Etter det HF forstår skal det no lysast ut direktørstilling for det konsoliderte Hardanger Museum. Dette vil gjera samarbeidsmusea meir handlekraftige.

Ho fryktar ikkje at den raudgrøne regjeringa vil endra forslaget om å løyva 1,5 millionar. Staten medverkar med totalt 200 millionar kroner i museumsreforma. Det står att 50 millionar til neste år. Solveig Jordal har godt håp om at musea i Hardanger kan få meir midlar ved neste korsveg.

Artikkeltags