Fruktnæringa treng fleire bier

Artikkelen er over 12 år gammel

Biene er heilt avgjerande for skikkeleg avling i frukthagen. Om nokre få år kan Hardanger ha altfor få bier, dersom ikkje noko skjer. Det aller beste er om fruktdyrkarane sjølve byrjar å røkta sine eigne bier.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 uker

Korvidt situasjonen kan verta katastrofal for fruktnæringa, torer dei ikkje seia, men ringleiar Magnus Opedal i Indre Hardanger forsøksring, veteranbirøktar Lars Rosten og frukdyrkande birøktar, Reidar Sekse (22) meiner i alle fall det er rett å ropa eit varsku.

Sistnemnde har trass ung alder, alt drive med bier i fire-fem år. Han fortel at dei er sjølvforsynte med bier på garden, og haustar årleg mellom 700 og 800 kg moreller pr dekar. Han meiner ein kan koma heilt opp i eit tonn.

Dobla avling

-Snittet i Ullensvang dei siste åra varierer mellom 200 og 500, seier Magnus Opedal, som meiner skilnaden på å driva morelldyrking med og utan bier, er minst like stor som det er mellom dag og natt.

Lars Rosten er heller ikkje i tvil om kva bihald betyr for fruktnæringa. Han byrja alt i 1982, og har hatt rundt 30 kuber dei siste åra. Mellom dei han har lært opp, er Reidar Sekse.

Viss ikkje fleire byrjar med bier, vil situasjonen om nokre få år vera alvorleg for fruktnæringa. Den aller største birkøtaren i distriktet har nemleg varsla nedtrapping. Det betyr at bortimot 70 prosent av biene på austsida av fjorden vil forsvinna, dersom ikkje noko vert gjort.

-Sjølv i dag burde det ideelt sett vore langt fleire bier i frukthagen, meiner Opedal, som forklarar at biene er aller viktigast for morell- og pæreavlingane, ikkje minst i år med dårleg ver under bløminga. Sekse meiner ein bør ha minst ei kube pr dekar fruktareal.

Stort behov

Men det er ikkje berre antal kuber som er viktig. Det er minst like viktig med sterke kuber. Det vil seia kuber med mykje bier i og bier som er flinke til å trekkja i bløminga. Her er førearbeidet om våren viktig. Etter vinteren er det rundt 15 000 til 17 000 bier i ei bra kube. Med skikkeleg stell og oppforing, kan ei god kube ha opp til 70 000 bier når dei er klare for lyngsesongen i byrjinga av juli.

I kaldt ver må avstanden til frukttrea vera kort. Og fruktblomen må sleppa konkurrera med blømande løvetann. Det er som regel sistnemnde som vinn gunsten hjå biene.

Behovet langt større enn bestanden i dag. Endå verre om nokre få år.

Magnus Opedal, som sjølv kjem frå og skal overta fruktgard, meiner at bøndene vektlegg biene for lite. -Dei fleste burde nok hatt fleire kuber enn det dei har i dag. Biene er billeg arbeidskraft. Fruktdyrkaren tener inn leiga mange gonger. Det kostar berre rundt tre hundre kroner å leiga, medan ei kube kan bety 10 000 kroner i auka inntekt.

Bonde og birøktar

Tidlegare hadde ein fleire sjølvpollinerande sortar og så vart trea planta blanda. No har du plantingar med berre ein sort i kvart felt. -Difor er biene endå viktigare enn nokonsine. Seriøse fruktdykrarar burde faktisk hatt sine eigne kuber, slår Opedal og Sekse fast, og meiner det er det som er framtida. Det vil nemleg vera vanskeleg å få nokon til å satsa stort på birøkt.

I tillegg til den uomtvistelege vinsten for fruktnæringa, er birøkt også ein gjevande hobby. -Ei god kube kan gje 40 kg honning, seier Rosten. -Dei 20 fyrste dekkar driftsutgiftene, resten er overskot.

-Det er heller ikkje så arbeidskrevjande som mange trur. Rosten reknar med ein halv times arbeid pr. kube i veka i høgsesongen. Det vil seia frå april til byrjinga av juli. Han understrekar elles at kven som helst kan byrja med bier. -Du må kunna tola å få eitt og anna stikk, men kan ikkje vera allergisk.

Til no har sju meldt seg på kurset. Det er plass til nokre fleire. I tillegg til fem teorikveldar vil han ta deltakarane med i praktisk arbeid med kubene.

Artikkeltags