Folgefonnhalvøya er som skapt for tunnelar

Artikkelen er over 17 år gammel

Folgefonnhalvøya er som skapt for tunnelar. Den 1,3 milliardar år gamle giganten med kvit islue har kollidert med Amerika og dukka opp i Nordsjøen. På jamnen har det vore eit endelaust masande gnag frå vatn og is. Men fjellet er av sterkaste sort- det gode gamle grunnfjellet.

DEL
€Folgefonnhalvøya er som skapt for tunnelar
Jostein Bakke er doktorgradsstipendiat ved Institutt for geografi på Universitetet i Bergen. Han kartlegg klimaendringar i Noreg dei siste 2-3 millionar åra, og har gjort feltstudiar av Folgefonnhalvøya.

Geologi er ein vesentleg del av fagkombinasjonen til Jostein.

Difor var det naturleg å ta kontakt med han då me ville vite meir om fjellet som Folgefonntunnelen går gjenom.

Det ein vil vite når ein susar gjennom tunnelen som går djupt inn i hjartet av fjellmassivet i Hardanger, er om fjellet er noko tess eller om det berre er eit porøst drittfjell. Stipendiaten kan roe oss heilt ned.

For å fylgje Jostein på den geologiske tidsreisa er det viktig å sjå noko romsleg på storleiken «tid». I geologien er tida viktig. Den lange tida. I denne artikkelen skal me attende til den gongen jorda låg i bleiene.

-De kan stole hundre prosent på Folgefonnhalvøya. Det er eit skikkeleg fjell av den gamle sorten; norsk grunnfjell.

Knallhard granitt og gneis så langt du ser. Folgefonnhalvøya er røter av ei urgammal fjellkjede som vart danna for 1,2 milliardar år sidan, under det me kallar «Den Svekonorvegiske fjellkjededanninga». Då kolliderte nemleg Noreg med Amerika, Cannada og Grønland.
-Jøye meg!

-Ja, det er sterkt. Det førte til voldsome fjellkjededanningar, omtrent som faldar på eit ark, om du pressar inn frå båe kantar. Deretter byrja naturen å bryte ned det nye fjellet. Vatn, vind, temperatursvingningar - og lang lang tid jobba med å slite fjellet ned.
-Til havoverflata.

-Du kan godt seie det. Naturen vil ha balanse. Eit digert fjell som stikk langt opp i lufta er ikkje balanse. Det må jekkast ned eit par hakk. Det har tyngekrafta bestemt.
-Kva var tidsramma på jobben?
-Naturen sluttførte arbeidet ein dag for mellom 800-600 millionar år sidan.

-Slike prosjekt tok si tid i gamle dagar også.
-Jajamen. Då var området som no er Folgefonnhalvøya, flatt som ei pannekake, og havet fløymde inn over det. Området var slipt ned til det me kallar «det Subkambriske peneplan»; eit sletteland som Hardangervidda i dag.

Under denne dukkerten var det mykje som sokk til botnars, anten som daudt organisk materiale eller som avsetningar frå elvar. Dette danna dei «sedimentære bergartane», men eg skal forklare kvifor me ikkje finn så mange av dei i dag, fortel Jostein.

Det går opp og ned her i livet. Medan Folgefonnhalvøya låg paddeflat nede for teljing under havoverflata, utan at ein einaste tysk keisar ofra det ein tanke, byrja presset frå Amerika att. Aldri fred og få. Når ein nett har tilpassa seg det nye tilværet, skal ein bryte opp att... Jostein forklarar:

-Me kallar det som no hendte for «Den Kaledonske fjellkjededanninga». Den fann stad for 600-400 millionar år sidan. Då byrja presset på ny, og Folgefonnhalvøya reiste seg att - sakte men sikkert - under eit fantastisk press. Når kontinent driv og pressar kvarandre slik, stig trykket, og følgjeleg også temperaturen. Det gjorde at mange bergartar vart smelta om, eller utsette for metamorfose, omdanning som det heiter på fagspråket. Diverre rauk dei sedimentære bergartane med i gryta, og me finn omtrent ingen spor av Folgefonnfjellet si stordomstid under vatn i dag. Me har skiferbrotet i Jondal og nokre andre klattar av gammal havbotn, men elles er det ulike typar vulkanske og metamorfe bergartar som dominerer bergstrukturen.

-Kva skjedde så?
-No byrja nedbrytingsprosessen på ny. Fram til i dag har naturkreftene jobba med å bryte ned att fjellet, men det er eit sterkt fjell. Dei siste 2,3 millionar åra har likevel naturen teke i bruk eit av dei sterkaste instrumenta, nemleg is, til å få orden på sakene. På grunn av klimaendringar byrja isen å vekse, og den siste tida (altså dei siste par millionar åra, red.anm.) har isen lege og skrubba over landskapet, og grave ut store, djupe dalsystem, fortel stipendiaten.

-Så kva består Folgefonnhalvøya av?
-Ein kan kome unna med å seie at området stort sett består av sterke, sure granittiske gneisar. Men dei treng ikkje vere keisame sjølv om dei er gamle og trauste, og laga langt nede i det indre av jorda.

Eg kan for skam skuld nemne for dei særskilt interesserte at me også på Folgefonnhalvøya finn monzodioritt, granodioritt, meta-gabbro, serpentinitt, kleberstein, aktinolittfels og talkskifer. Av suprakrystallbergartar finn me agakvasitt, meta-basalt, polymikt rhyolittdominerte konglomerat, meta-andesitt og metadactitt - så har me ikkje gløymt nokon.

-Ok, det er vel greit å halde seg til det med granittisk gneis?
-Det rekk.
-Vil du som fagmann anbefale å byggje tunnel i granittisk gneis?

-Det burde halde godt. Eg har no mine meiningar om kva folk gjer med fjella sine no til dags. Men styrken på dette fjellet var mykje av grunnen til at nokon var så hissige på å lage pukkverk i Jondal for nokre år sidan.
-Mykje bra pukk?
-Sjefspukk!


Artikkeltags