Ingenting held seg uendra. Heller ikkje dialektar eller språk. Difor ser mållrørsla det som ei viktig opgåve å premiere den eller dei som gjer ein innsats for å bremse «utflatinga» av språket og talemålet.

I denne samanhengen har røldølingane vore flinke å halde på dialekten og nynorsk som skriftspråk. Difor har Odda Mållag give heile fjellbygda målprisen for 2002.

I ein faldar om Røldal har mållaget gjort greie for noko av grunnlaget for valet. Der går det fram at prisen vert given avdi bygda gjer ein stor innsats for å ta vare på tradisjonar og kulturhistorie.

På sundag kveld vart prisen overlevert bygda og same kvelden arrangerte bygda og mållaget ein kulturkveld i grendahuset. Det vart også halde forteljarkurs på fredagskvelden.

Kulturkvelden på sundag inneheldt song og musikk med krefter frå Røldal og Odda, dikt og dramatisering ved ungdomsskuleelevar, forteljekunst på røldalsmål, allsong, loddsal og utstilling.

Før på dagen leia Oddbjørn Lynghammer ei kulturhistorisk vandring i bygda, der dei mellom anna var innom bygdemuseet på Hauge. Der fekk vandrarane servert rjommegraut og omvisning leia av Marit Sandal.