- Rasmus Løland (1861-1907) vart født i Oppistova på garden Løland i Hylsfjorden i Sand.
- Debuterer med boka «Folkeliv» i 1891.
- Han var banebrytande som barnebokforfattar, og etablerte saman med Per Sivle både den realistiske barneforteljinga og den nynorske barnelitteraturen.
- Bøkene hans er blotta for både moralisme, didaktisk overstyring og sentimentalitet. I staden skapte han eit univers der barn er heile, ansvarlege menneske. Synsvinkelen og perspektivet ligg med få unntak hos barna.
- Løland flytta til Kristiania i 1895. Kjøper seinare hus på Asker, i hagen til Hulda og Arne Garborg.
- Frå 1902 var Løland redaktør for «Norsk Barneblad», fram til han døydde av tæring i 1907, berre 46 år gamal. Løland er gravlagt på Asker kyrkjegard.
- Kjente bøker av Rasmus Løland er: «Det store nashorne» (1900), «Kor vart det av joli?» (1894), «Mannen som skulle stelle heime» (1899) og «Kvitebjørnen» (1906).