Ein bastard tek bladet frå munnen

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Denne veka kjem Lars Ove Seljestad (45) ut med boka «Bastard» på Cappelen forlag. Forfattaren kallar det heile for eit forsoningsarbeid.

DEL

La det førstvere heilt klart: Lars Ove Seljestad si bok «Bastard» er ikkje ein roman. Boka er ei blanding av sakprosa og skjønnlitteratur, og er, som Seljestad skriv i innleiinga, tekstmessig ein bastard.

- Eg tenkjer meg at boka er eit crossoverprosjekt som ligg ein stad mellom biografi, sosiologi og «dikt og forbannet løgn». Sjølv opplever eg at boka ligg nærare skjønnlitteraturen, essayet og forteljinga, enn den akademiske skrivemåten, seier forfattaren.

Han karakteriserer boka som full av levd liv og refleksjonar over levd liv, men også med innhald av faglege innsikter.

- Med unntak av 10 teoretiske sider om forteljingar og identitet meiner eg at dei litterære kvalitetane klart overskyggjer dei faglitterære, seier han.

Lars Ove Seljestad kallar arbeidet med «Bastard» for eit forsøk på å forstå og gripa kva det er å vera ein klassereisande.

- Det handlar om å utforma ein måte å vera i verda på som gjer det mogleg å vera begge delar; både odding og klassereisande, både arbeidargut og akademikar. Boka er eit forsoningsarbeid og oversettingsarbeid som ikkje berre gjeld meg, men mange andre reisande, både klassereisande og andre reisande.

Forfattaren har brukt seg sjølv, oppveksten og familien i boka som case.

- «Bastard» er på mange vis ei bok eg ikkje har så lyst til å snakka så mykje om, fordi ho er svært personleg og nær. Eg har gått eit langt steg for å prøva å forstå korleis mi klassereise blei slik som den blei, og eg er usikker på om eg har rett til å gi meir enn det eg alt har gjort, forklarar han.

- Er personane du nemner med namn i boka verkelege?

- Dei personane som er nemnde med namn er personar som lever eller har levd ja. «Bastard» er ikkje ein roman med oppdikta personar og hendingar, men det kan vera at eg har brukt skjønnlitterære teknikkar og virkemidlar for å formidla historia.

Seljestad vedgår at det har kosta å skriva boka.

- Dersom det ikkje kostar noko, dersom det ikkje står noko på spel, kan ein like godt la vera, tenkjer eg. Om ein gjer noko som er verdt noko, vil det sjeldan koma av seg sjølv. I kvardagslivet vil ein gjera alt ein kan for å beskytta seg sjølv mot sanninga om seg sjølv og om verda. Det kan ein ikkje ta seg råd til når ein skriv. Då må ein gå «dit det brenn». Ein må gå til smertepunkta og våga å sjå dei i kvitauga, riva vekk dei beskyttande kvardagsfiltra. Først då kan ein håpa på å få til å skriva noko som også kan bli viktig i andre sine liv. Det er, slik eg ser det, den prisen ein betalar for å vera ein skrivar. Og det er den risikoen ein tar. Men som oftast beskyttar ein seg med eit fiktivt romanunivers og fiktive karakterar. Eit dokumentarisk prosjekt som dette gjer det heile meir smertefullt, og gjer samstundes fallhøgda større, men eg har valt å ta sjansen i tillit til at det finst nokon der ute som forstår kva eg driv på med og som ser verdien av det, seier forfattaren.

Cappelen seier at «Bastard» handlar om omgrepet klassereise, men forfattaren avviser at dette er ei omgrepsorientert bok.

- Sjølv tenkjer eg ikkje at eg har skrive bok om omgrepet klassereise. Ei slik omgrepsorientert bok ville sett heilt annleis ut. «Bastard» er ei reflektert bok som undersøker heilt konkret kva det vil seia å vera ein arbeidargut i Odda på 1960- og 1970-talet, og kva som skjer når denne arbeidarguten vel å ta reisa til Nansenskolens Oslofjordhumanisme, seier Seljestad.

Spørsmålet han stiller seg er om det let seg gjera å sameine desse to ulike verdene innanfor ramma av èitt levd liv, eller om ein må velja vekk enten det ein reiste ifrå eller det ein kom til.

- «Bastard» er eit forsøk på å foreine begge desse sidene, å ta med seg det beste frå begge verder. Og leva i det, fortel forfattaren.

- Korleis trur du Bastard vert motteke i Odda?

- Det trur eg no, som alltid, vil vera ulikt frå lesar til lesar. Eg trur ikkje at det finst ein måte å lesa bøker på, verken i Odda eller andre stader, men at det finst like mange lesemåtar som det finst oddingar. Eg trur absolutt at det vil vera dei som les boka, og likar henne, både fordi ho er ærleg og fordi ho gir eit bilete av eit Odda som ikkje finst lenger. Eg trur det vil finnast klassereiste oddingar som vil gleda seg over at nokon tek bladet frå munnen og fortel om dobbeltheita ved det å reisa, ved å kjenna seg splitta, ved å leva i, eller mellom, to verder. Og eg trur det vil finnast mødrer og fedrar, brør og søstrer av dei som reiste som vil forstå meir av sonen, broren eller søstera som reiste etter å ha lese «Bastard», seier forfattaren.

Om bodskapen i boka seier Seljestad følgjande:

- Med denne boka ville eg visa at klasse er eit høgst levande og verknadsfullt omgrep som er skrive inn i kroppane på oss som ein gong drog bort, same kor langt vi drog. Om det finst ein bodskap i denne boka, så er det at det er mogleg å balansera dei ulike erfaringane og identitetane ein tek til seg gjennom livsreisa, utan å svikta verken dei ein reiste frå eller dei ein kom fram til. Eller seg sjølv. Men at det kostar hardt arbeid, seier han.

Det var ei tid for nokre år sidan at forfattaren lurte på kvifor i all verda han hadde reist heimafrå slik som han gjorde. Kvifor hadde han ikkje ikkje blitt heime på Smelteverket slik som dei andre ungane i gata?

- «Bastard» er eit forsøk på å finna eit svar på dette spørsmålet, seier Seljestad.

Artikkeltags