- Dette er alvorleg miljøkriminalitet

Artikkelen er over 12 år gammel

Politiet er no på jakt etter den som sette ulovleg laksegarn i Eidfjordvatnet i oktober. - Dette er alvorleg miljøkriminalitet, seier miljøkoordinator Terje Kvalvik ved Hordaland politidistrikt.

DEL

Saka blir no etterforska av Ullensvang og Eidfjord lensmannskontor. Politibetjent Geir Telle seier at Eidfjord kommune kontakta politiet den 20. oktober, dagen etter at det vart funne garn i elva.

- Forskarar frå Universitetet i Bergen kom over to garn som var lenka saman i utfallsosen til Eidfjordvatnet. Det var fire fiskar i garnet. Ein av dei var så oppeten at det var uråd å konstatera om det var laks eller aure. Dei tre andre var laksar på om lag halvannan til to kilo, seier Telle.

Ber om tips

- Dette er den vanlege historia der ingen veit kven gjerningsmannen er. Vi ber no publikum om hjelp og håpar at folk som har kjennskap til garnsetjinga tipsar politiet, seier Telle.

Terje Kvalvik seier at politiet ser alvorleg på denne type saker. - Når vi veit kor ille det står til med villaksen i Hardanger, er det direkte kynisk å setja garn midt i gytetida for laksen. Vi ber publikum om å halda auga med elvene og kva som føregår der, seier han.

Trua laksestamme

Gunnar Lehman frå fylkesmannens miljøvernavdeling og folk frå Universitetet i Bergen var i Eidfjord for å telja gytefisk for nokre veker sidan. Dei brukte dykkardrakter under kartlegginga.

Miljøvernavdelinga opplyser til politiet at garna hadde stått i nærleiken av dei beste gyteplassane og at dei hadde fanga nokon av dei svært få gytefiskane i den trua Eio-stamma.

- Dette er ved sidan av Vosso-stamma den mest trua laksestamma i Hordaland. Det gjer dette tilfellet ekstra alvorleg, meiner miljøvernavdelinga hjå fylkesmannen.

Artikkeltags