Brujubel i vestlandsver

Artikkelen er over 12 år gammel

Eit hundretals hardingar, med og utan bunad fylgde debatten frå galleriet og jubla saman med mellom andre ullensvangordførar Solfrid Borge og samferdsleminister Liv Signe Navarsete, etter at Stortinget i dag tysdag vedtok med 79 mot 24 røyster at Hardangerbrua skal byggjast.

DEL

Under heile debatten tala SV imot og FrP for å byggja Hardangerbrua. Men då det bar til stykke, stemde SV for, på grunn av at partiet no sit i ei forpliktande regjering og ikkje i opposisjon. FrP derimot understreka fleire gonger gjennom debatten at partiet er for å byggja Hardangerbrua, men med statlege oljemidlar. Leiar i samferdslekomiteen Per Sandberg og Arne Sortevik frå Bergen, sa sågar at dei ville røysta for både brua, men også for sitt eige finansieringsopplegg.

Forundra over røysting

Då fungerande stortingspresident Thorbjørn Jagland ein time etterpå banka gjennom vedtaket, hadde partiet derimot ikkje fremja noko alternativ. Det vart røysta for eller mot å byggja Hardangerbrua, og på tavla stod det med lysande skrift 79 for og 24 mot.

Dette forundra mange, ikkje minst saksordførar Øyvind Halleraker og samferdsleminister Liv Signe Navarsete. Men Sortevik heldt fast overfor HF rett etter avstemminga, at partiet ikkje hadde stemt imot.

-Me stemde for vårt forslag, sa han.

Galleriet var fylt opp av eit hundretals hardingar med og utan bunad, som kom til Oslo for å vera med og feira vedtaket.

Takka og feira

Etter bussturen over vidda, ei samling og ein solid frukost på Oslo militære samfund, med mellom anna brød frå Åpent Bakeri, gjorde dei seg klare for å møta i Stortinget. Dei møtte fyrst fram utanfor for å ta imot, og trassa det sure snøveret. Etter ti års kamp og med målet så nær, var ikkje litt snøver noko å bry seg med.

- Me kjem her for å takka og feira, sa leiar i Aksjon Hardangerbru, Sverre Kleivkås, til presse og media, då han bunads- og kvitkledd av nysnø, sto utanfor inngangen til Stortinget og tok imot dei som seinare på dagen skulle vera med og seia endeleg ja til Hardangerbrua.

Ferja skal oppretthaldast

Debatten inne i salen synte også at spådomane vart oppfylte. Den eine etter den andre karakteriserte prosjektet som overmodent. Dei rosa det lokale engasjementet opp i skyene.

Det kom elles fram at ferjesambandet Utne - Kvanndal skal oppretthaldast, og om naudsynt er det vilje til å løyva ekstra midlar dersom brua stell for mykje trafikk.

Det er vel heller ikkje tvil om at det vil koma miljøtunnelar over Hardangervidda, og at riksveg 7 kjem til å verta det framtidige hovudsambandet mellom Oslo og Bergen. Også miljøtunnelane kjem til å krevja ekstra løyvingar.

Artikkeltags