Arbeidet på E134 i full gang

Av og
Artikkelen er over 11 år gammel

Anleggsarbeidet på forlenging av Rullestadparsellen er kome godt i gang og så langt har alt gått etter oppskrifta. Den nye strekninga på 3,2 kilometer frå Vintertun til Vassvikvatnet, vert neste års jolegåve til trafikkantane.

DEL

Det er prosjektleiar Odd Sæveraas i Statens vegvesen som seier dette til Hardanger Folkeblad. Lenge før Rullestadparsellen vart opna i juni, var det kjent at prosjektet ville verta langt rimelegare enn budsjettert, og at ein fekk bruka «overskotet» på å laga meir ny veg.

Mesta, som stod for arbeidet på den første parsellen, har også fått arbeidet med framhaldet, og dei har alt no herja på i halvannan månad. Noko som verkeleg syner att i terrenget.

Liten tunnel

Då HF var på ei kjapp synfaring onsdag, var det aktivitet over det meste av parsellen. Arbeidet er i full gang. Skogen er fjerna og eit par hytter stod for fall.

Anleggsmaskinane har reinska fjell for massar og sprenginga er komen godt i gang.

Kort fortalt skal den nye vegen stort sett fylgja dagens trasé frå den nye Rullestadtunnelen. Den fyrste krappe svingen ovanfor skal sprengjast vekk. Her er det berre nokre veker sidan ein bil køyrde i fjellveggen.

Gjennom den neste skal det koma ein liten tunnel på rundt hundre meter. I dag kjem denne svingen svært overraskande på mange, i enden av den lange strekkja nedover frå Vintertun.

Bru og kulvert

Oppe på sjølve Vintertun skal elva senkast og sikrast med mur. Vegen skal kryssa elva, før han skjær seg gjennom ein ny ås og kryssar elva på nytt over ei 65 meter lang bru. Ein kulvert skal syta for tilkome til hytte- og stølsområdet i Vintertundalen.

Lenger oppe heldt folk frå Relacom på med å mellombels leggja om telefonlinja. 8. desember neste år skal parsellen heilt opp til Vassvikvatnet vera ferdig til snorklipp. Då vil europaveg 134 har to felt og gul midtstripe heilt til Drammen, seier prosjektleiaren.

Overskotsmassar

Overskotsmassane frå sprenginga skal mellom anna brukast i botnen av ei vassjuk myr, så grunneigaren i neste omgang får ny slåttemark.

Prosjekt Rullestadjuvet kosta 320 mill kroner, der halvparten vert betalt med bompengar. Til den nye parsellen er det sett av 82,5 millionar kroner, 24,5 millionar i bompengar og 58 millionar frå staten.

Og om nokså nøyaktig eitt år vil 3,2 nye kilometerar stå ferdig i tillegg til dei 6 kilometerane som vart opna av samferdsleminister Liv Signe Navarsete. Hovudentreprenør Mesta brukar mange lokale underentreprenørar.

Artikkeltags