Gå til sidens hovedinnhold

Tilsett på Odda sjukehus med påvist covid-19-smitte

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein tilsett på Odda sjukehus har fått påvist covid 19-smitte. Dette kan få konsekvensar for drifta ved sjukehuset i helga.

Det opplyser Helse Fonna i ei pressemelding.

Smittesporing og kartlegging av nærkontaktar er sett i gang, i tett samarbeid med kommunehelsetenesta.

Drifta ved Odda sjukehus går som normalt, men ein tek høgde for at det kan bli redusert drift i helga, som følgje av at kollegaer må i karantene.

- Førebels veit vi ikkje omfanget av dette, men vi har planane klare for å leggje om drifta i løpet av kort tid dersom det skulle bli behov for det, opplyser seksjonsleiar ved Odda sjukehus, Kari Marie Tjelmeland.

Helse Fonna opplyser at dei vil komme tilbake med meir informasjon i løpet av ettermiddagen.

Ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug, opplyser at det er ein innbyggar busett i kommunen som har påvist smitte.

- Vedkomande sine nærkontaktar er under kartlegging og skal testast. Kommunen har sett i verk smittesporing, seier Haug.



Kommentarer til denne saken