Gå til sidens hovedinnhold

Tilsett med knallhard kritikk i melding: Må legga dei eldre klokka 17 og begår lovbrot

Ein tilsett ved ein institusjon i Kvinnherad kjem med knallhard kritikk av kommunen og politikarane i ei melding. Ifølge varslaren skjer det lovbrot medan dei eldre lir på sjukeheimane.

For abonnentar

Kvinnheringen:

Ein tilsett ved ein sjukeheim i Kvinnherad sende ut ei melding til enkelte politikarar før kommunestyremøtet torsdag. Kvinnheringen har fått sjå meldinga, som inneheld krass kritikk av både kommunen og politikarar.

Den tilsette skriv mellom anna at det blir begått lovbrot, at pasientar ikkje mottar forsvarleg hjelp, og at kommunen stiller seg bak det og overser varslingar om at ein driv uforsvarleg. Vidare skriv varslaren at ein ser pasientar som gret og høyrer andre som ropar etter å ha ringt på alarmen, men at ingen kjem, fordi personalet er oppteken ein annan stad, og ikkje strekker til.

Eg ser pasientar som blir lagde i sengene sine klokka 17 fordi personalet ikkje har kapasitet til å legga alle seinare på kvelden

Pleiaren fortel om pasientar som ikkje har fått dusja på fleire veker, og som sluttar å eta fordi ingen har tid til å hjelpa dei med maten. Om alvorleg sjuke pasientar med store smerter, som må venta altfor lenge på smertelindring og hjelp.

Personen bak meldinga seier til Kvinnheringen at ein i denne omgang ikkje ønsker å stå fram med namn. Vedkomande fortel at også andre kollegaar nyleg har vore i kontakt med forskjellige politikarar med dei same bekymringane.

Saka held fram under.

Melding frå ein tilsett ved ein sjukeheim i Kvinnherad:

Hei

Eg vil med dette gjere eit forsøk på å formidle til deg som lokal politikar, den situasjonen vi nå står i på [namnet på sjukeheimen] grunna nedbemanning.

For det er nemlig sånn, at ikkje berre er det mennesker som utfører eit arbeid i helsevesenet, det er også mennesker som mottar tenestene. Kommunen kallar det vedtak og arbeidsoppgaver, men det som faktisk vert utført er blant anna nødvendig helsehjelp, smertelindring, hjelp til å ivareta personlig hygiene og hjelp til å få i seg mat. Eller, det er det som er målet innan pleie og omsorg, men for tida sjelden verkelegheita.

For det kostar pengar. Det kostar aller mest med lønn til oss som utfører desse oppgåvene, og ved å kutta oss ut så vil eg påstå at kommunen direkte bidrar til forsømmelse av våre eldre.

Det er sikkert vanskelig for ein politikar å forstå kva vi jobbar med, og det undrar meg derfor at vi aldri blir hverken spurt eller høyrt. Det er stort sett alltid helsesektoren det skal sparast i, og vi blir bedne om å snu på kvar stein, trass i at ingen tilsynelatande veit eller bryr seg om kva for steinar vi har til rådighet.

Det er eit faktum at lover blir brutt, at pasientar ikkje mottar forsvarleg helsehjelp, og at kommunen stiller seg bak det og overser varslingar om at ein driv ufarsvarleg. Kva vil kommunen oppnå med dette? Ser kommunestyret dei direkte konsekvensane denne nedskjæringa fører til?

Eg skal fortelje kva eg ser, eg som jobbar der.

Eg ser pasientar som gret og høyrer dei ropar, dei har ringt på alarmen sin men ingen kjem. Personalet er oppteken ein annan stad, og strekker ikkje til.

Eg ser pasientar som blir lagt i senga si kl 17 fordi personalet ikkje har kapasitet til å legge alle seinare på kvelden.

Eg ser pasientar som ikkje får hjelp til dusj på fleire veker, som sluttar å ete fordi ingen har tid til å hjelpe dei med maten.

Eg ser alvorlig sjuke pasientar med store smerter, som må vente altfor lenge på smertelindring og hjelp.

Eg møter kollegaer i vaktskifte, som gret og er fortvila. Som har stått med sjukepleiefaglig ansvar for ein heil institusjon åleine, fordi kompetansen og antall hovud strekk ikkje til. Vi gjer feil, vi klarar ikkje å gi forsvarleg helsehjelp, vi får ikkje utøve yrket vårt, vi går med konstant dårleg samvit, jobbar overtid, forsakar familieliv og fritid. Men kommunen syns vi kostar for mykje.

Kvifor meiner Kvinnherad Kommune at våre eldre innbyggjarar, og vi som jobbar med å hjelpe dei, er mindre viktige enn andre? For det er slik det kjennes. Kvart år får vi truslar om nedskjæringar, innsparingar, vi må endre rutinar, spare og spare og spare. Og det er vi gode på! Men visstnok aldri gode nok! Det fungerer ei stund, heilt til personalet er utslitt, vikarane for lengst har funne anna arbeid, bemanninga er kritisk, og det blir brukt vikarbyrå for å dekke vaktene. Så er det tilbake til null. All sparing og alle tiltak blir punga ut i vikarbyrå, og kommunen forsvarar denne pengebruken med at institusjonane må driftast forsvarlig, dei manglar sjukepleiarar. Kvinnherad Kommune manglar ikkje sjukepleiarar, det finst mange nok av dei, men dei maktar ikkje å stå i jobben på sjukeheimane. Har kommunestyret vurdert å sjå på årsakane til det? Dersom arbeidmengden hadde samsvart med antall ansatte, hadde kanskje fleire halde ut i jobben sin, og på lang sikt ville det spart kommunen for pengar. Kva er grunnen til at kommunestyret ikkje evnar å investera i langsiktige løysingar for helsesektoren, men heller velger å bruka lettvinte og spinndyre løysingar kvart einaste år, for så å ta den samme runddansen neste år?

Eg utfordrar deg og partiet ditt til å ta med deg dette på neste kommunestyremøte. Tilstanden i helsesektoren nærmar seg kritisk, og vi er berre kommen til februar månad. Det som skjer nå er direkte uforsvarlig, og det er på høg tid at vi blir tekne på alvor. Vi jobbar oss sjuke, og pasientane får ikkje den hjelpa dei treng. Vi er ekte mennesker som både gir og mottar tenester her, ikkje ei søyle i ein statistikk! Hvis det står så dårleg til i kommunen at vi er nødt til å forsømme våre eldre og bidra til å auke sjukefraværet, så har kommunen mista all min respekt og tillit.

Er det slik vi vil ha det?

Varskuet blei naturlegvis gjenstand for debatt då dei folkevalde var samla til digitalt kommunestyremøte torsdag kveld.

Ove Lemicka i Frp seier til Kvinnheringen fredag at han ikkje er overraska over det som kjem fram i meldinga.

– Vi har fått ulike signal på dette. Folk tilknytt Møteplassen Aksen og kyrkjekontoret har også tatt opp den same problemstillinga med for store innstrammingar. I budsjettdebatten tidlegare gav vi klart uttrykk for at det strame budsjettet som fleirtalskoalisjonen vedtok, ville ha med seg store negative konsekvensar for drifta i denne sektoren, seier Lemicka.

– Derfor la vi fram eit alternativt budsjett med meir pengar til sektoren.

– Men har vi råd til det?

– Ja visst har vi det, svarar Lemicka, og viser til Frp sitt budsjettframlegg som ikkje fekk oppslutnad.

Har inngått særavtale for vikarpool for turnustilsette i helse- og omsorgssektoren i Kvinnherad

Lemicka fortel vidare at han har bede kommuneleiinga om å snarast råd komma med ein budsjettrevisjon.

– Grunnen til at vi har hamna her er at fleirtalet i kommunestyret ikkje evnar å ta tak i situasjonen. Vi ser det føregår ein snuoperasjon no, i spørsmålet om kjøken på institusjonane. Dei styrande lova varm mat til dei eldre før valet, men bryt lovnadane sine no, hevdar Lemicka.

Enstad: – Veldig bekymra

Varaordførar Hilde Enstad (Ap) har også mottatt meldingar frå tilsette innanfor pleie og omsorg. Ho er uroa.

– Vi tar dette på høgste alvor, seier Enstad fredag.

Ho fortel at gruppeleiarane skal samlast i neste veke for å diskutera den prekære situasjonen og bekymringsmeldingane som er komne.

– Som eg har snakka med ordføraren om, må vi sikra oss at budsjettvedtaket vårt blir følgd opp. Det vil krevja ein aktiv innsats om vi skal få til ein betre heiltidskultur og redusert sjukefråvær, fortel ho.

– Men de kom til makta for halvanna år sidan. Kvifor er situasjonen sånn?

– Pleie og omsorg vil alltid balansera på ein knivsegg. Slik har det vore så lenge eg kan hugsa. Men så lenge dei veit at dei har støtte frå politikarane og administrasjonen, kan dei leva med presset. No opplever eg likevel at dei er i ferd med å mista trua.

Enstad peikar på at fleirtalskoalisjonen sitt mål har vore å redusera i talet på leiarar og merkantilt personell.

– Eg er utruleg skuffa. Vi har peika på at talet på leiarar skal ned, at det er der vi skal begynna, men så vel Kvinnherad kommune å senda oppseiingsvarsel til iallfall 60 tilsette i andre stillingar. Då har ikkje vi fått formidla budsjettvedtaket godt nok til administrasjonen som skal følga opp, og det ønsker eg å gi ei tydeleg melding til kommunedirektøren om. Det var ikkje pleiaren som gir mat til ei bestemor eller ein bestefar som skulle gå. Vi trudde ikkje det var nødvendig med noko detaljstyring, seier ei oppgitt Enstad.

– Lemicka i Frp meiner de har eit altfor stramt budsjett?

– Det er veldig stramt. Det er det. Det er fordi inntektene våre er såpass usikre. Likevel justerte vi opp budsjettet samanlikna med innstillinga kommunedirektøren kom med. Men vi er ikkje på Lemicka sitt nivå, som greidde å konstruera 50 millionar kroner, meir enn nokon av dei andre partia.

– Kor skal de finna pengar til sektoren?

– Det kjem ein budsjettrevisjon. Eg vil venta med å svara på det, vi må sjå på korleis vi skal løysa det.

Gav Hveem fritak: – Redd dette er noko som kan bli hengande ved henne om ho held fram

– Må skunda oss sakte

Kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik svarar at kommuneadministrasjonen på ingen måte ignorerer avviksmeldingar som kjem inn.

– Det er eit veldig viktig verktøy som vi brukar kontinuerleg for å ha fokus på at tenestene våre skal bli betre, seier ho til Kvinnheringen fredag.

– Men når vi får inn meldingar som denne, er vi nøydde til å gå grundigare inn i det, fortel ho.

Bjerkvik fortel at dei er i dialog med verneombod, tillitsvalde og einingsleiarar.

– Vi prøver å balansera det mot budsjetta, og i denne saka ser vi at vi må skunda oss sakte. Det er mange flinke tilsette der ute, og vi har stor respekt for den jobben som blir gjort. Det er ingen tvil om at vi er inne i ei krevjande omstilling med oppseiing av turnusar og redusert bemanning samanlikna med 2020. Vi skal finna dei praktiske løysingane og sjå på turnusplanar som må endrast på. Innhaldet i tenestene blir utfordra, og det må gå seg til. Det blir balansert mot forsvarlegheit, men vi skal vera årvakne og følga med.

– Enstad hevdar de seier opp andre i staden for å begynna med leiarane, slik fleirtalspartia ønsker?

– Eg held meg til budsjettvedtaket og den teksten som står der. Det jobbar vi med heile vegen. Det er ikkje anten eller, eller éi oppskrift. Vi må finna dei aktuelle og moglege løysingane, avsluttar kommunedirektøren.

Er toppleiar i Ullensvang og politikar i Kvinnherad: – Dei fleste med politiske verv har òg andre roller

Kommentarer til denne saken