Gå til sidens hovedinnhold

Tilrår ikkje statleg felling på vidda

Mattilsynet og Miljødirektoratet har levert anbefalinga om kva som bør skje vidare i kampen mot skrantesjuka på Hardangervidda.

«Etter en samla vurdering meiner direktoratene det ikkje er tilrådelig å gjennomføre ekstraordinære uttak av villrein vinteren 2022», heiter det i ei melding på Miljødirektoratet sine heimesider tysdag ettermiddag.

Det vert vist til at oppdaterte estimat frå Veterinærinstituttet viser at det truleg er smitta villrein på Hardangervidda, og måla for bestandsreduksjon som vart sett for jakta 2021 er ikkje nådd. Samstundes gjer naturgitte høve og villreinbestanden sin kondisjon og åtferd i beiteområde det særs vanskeleg å gjennomføra ekstraordinære uttak kor det er heva over tvil at den positive effekten oppveig dei negative konsekvensane som følger med. Dette gjer kampen svært krevjande.

«Voksen bukk representerer en særlig risiko for videre spreiing innanfor bestanden, og et ekstraordinært uttak av flest mulig bukker over 3,5 år i vinter vil kunne bidra til å redusere risikoen for at vi mister kontroll i tidlig fase av sykdomsutviklingen. Imidlertid vil det være svært krevjande å lykkes med et målretta uttak. Anbefalingen vår er basert på en heilskapleg vurdering av estimert antall smitta dyr, fellingsstall, prøveanalysar, innspill frå lokale partar og råd frå fagmiljøene. Omsynet til framtidig forvaltning og behovet for godt samarbeid med lokale krefter i det videre arbeidet er også tillagt stor vekt i denne anbefalingen», opplyser Ingunn Midttun Godal, administrerande direktør i Mattilsynet.

Vil fortsette samarbeidet

Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartement gav Mattilsynet og oppgåva med å vurdera kor naudsynt eit eventuelt ekstraordinært uttak av villrein på Hardangervidda ville vera etter den ordinære jakta.

Etter å ha vurdert fellingstala frå jakta, resultat frå strukturteljinga og prøvesvar er råda no levert. Saka skal handsamast av departementa, og Mattilsynet og Miljødirektoratet ventar på den politiske avgjerda.

«Samarbeid med lokal forvaltning og jegerar er svært viktig for den langsiktige forvaltninga av villreinbestanden på Hardangervidda, også i en sykdomsbekjempelsessituasjon. Den lokale villreinforvaltninga, i samarbeid med jegerne, har vist stor vilje og evne til å tilpasse seg, og vi har langt på vei lykkes med å redusere andelen eldre bukk i bestanden på Hardangervidda gjennom jakt. Vi ønsker å fortsette dette samarbeidet», uttalar Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Kommentarer til denne saken