Gå til sidens hovedinnhold

Tilbyr tredje dose til dei med nedsett immunforsvar

Innbyggjarar med alvorleg svekka immunforsvar grunna sjukdom eller bruk av immundempande medikament vil få tilbod om ein tredje vaksinedose mot korona, melder Ullensvang kommune.

For å få tredje dose må det dokumenterast at ein tilhøyrer ei gruppe med alvorleg nedsett immunforsvar. Dokumentasjon på dette er det spesialisthelsetenesta som er hovudansvarleg for å utferda, og pasientane vil få brev frå sjukehuset som skal takast med til vaksinasjon. Har du ikkje motteke legeerklæring må ein kontakta behandlande spesialist, eventuelt fastlege.

Vaksinering av denne gruppa vil føregå i Tyssohallen 21. oktober.

Kommentarer til denne saken