Gå til sidens hovedinnhold

Tilbyr drop-in-vaksinering onsdag

Ullensvang kommune opplyser på sine heimesider at det vert drop-in-vaksinering onsdag denne veka.

Denne veka vaksinerer Ullensvang kommune onsdag og torsdag.

Tilbod om drop-in er for dei som endå ikkje har fått første dose av corona-vaksina, og for dei som det er minimum fire veker sidan tok den første dosen.

Dersom du allereie har fått endra tidspunkt for andre dose med vaksine, gjeld ikkje denne meldinga for deg.

Vidare opplyser kommunen at det denne veka vert vaksinert med Comirnaty frå Pfiser og Spikevax frå Moderna.

Drop-in-vaksineringa er mellom klokka 10:00 og 17:30 onsdag.

Kommentarer til denne saken