Gå til sidens hovedinnhold

Tilbakeblikk: Ungdomar gjorde innbrot på «Hansa», men leverte seinare tre ølkassar tilbake til innehavar

For abonnentar

For 10 år siden

Odda Storsenter har gitt opp planene om et kjøpesenter i Cyanamiden. Håpet er at det skal finnes alternative plasseringer på Smelteverkstomta. En mulighetsstudie skal avklare det.

– Me har ikkje fått signal om at andre foreldre på Utne ynskjer at borna skal gå på Hauso i staden for Vines, svarte rådmann Tone Tveito då Gretha Lothe (Sp) spurte kva heradet vil gjera om det kjem fleire søknader om krins- og skulebyte for Utne-elevar.

Eit sørpeskred gjekk tvers gjennom eit sprøytehus på Årekol sist veke.

For 25 år siden

For kring tre veker sidan var det innbrot i Odda Øl- og Mineralvann AS på kaien i Odda. I ettertid har to ungdommar i 17-årsalderen angra seg, og tidlegare denne veka blei tre ølkassar leverte tilbake til ølutsalet.

Innehavar i Odda Øl- og Mineralvann, Ture Green, ser positivt på at dei to ungdommane leverte tjuvegodset tilbake, og at dei er villige til å gjera opp for seg. Ungdommane troppa også opp heima hjå Green, og beklaga det dei hadde gjort.

Politiet opplyser at innbrotet vil bli etterforska på vanleg måte.

For 50 år siden

Hjelpekorpset i Odda har fått den nye bilen sin praktisk tala klar til bruk. Denne bilen har det vore arbeidd mykje for å få pengar til, og gleda er sjølvsagt stor over at dei får den til å setja inn når skisesongen kjem. Det er ein 12-seters Landrover som har ein motor på 85 hk.

Innehaveren av Vasstun Cafe i Odda har søkt om tillatelse til å utvide kafeen mot vest, sør og øst. Formannskapet har vedtatt at det bare er villig til å overveie en eventuell søknad om begrenset utvidelse østover mot elva, og at planene kan godkjennes av bygningsrådet.

Les også

Tilbakeblikk: Nokon tippa bilvraket utfor vegen, lensmannen meiner eigar har ansvaret

Kommentarer til denne saken