Gå til sidens hovedinnhold

Ti i isolasjon - ein klasse og fire lærarar i karantene

Ein 7. klasse og fire lærarar er i karantene etter dei nyaste smittetilfella i Ullensvang.

Det melder kommunen i ei pressemelding. Ti personar er i isolasjon. Fleire husstandar er i ventekarantene.

Kommunen melde laurdag om tre nye smittetilfelle. Det skal mellom anna ha vore ein smitta på ein skulebuss. Det er ein 7. klasse på Odda barneskole som er i karantene etter utbrotet.

Les også

Fire nye smitta – ein skuleklasse i karantene

– I dialog med skule og FHI blir Odda barneskule driven etter raudt nivå til og med onsdag 21. april, står det i pressemeldinga.

Resten av skulane går over til gult nivå frå og med tysdag.

Kommunen kjem vidare med ei rekke påminningar, mellom anna om å halde seg heime og teste seg ved luftvegssymptom og feber. Påbodet om munnbind der ein ikkje kan halde avstand opphøyrer natt til tysdag, men kommunen oppmodar innbyggarar og næringsliv om å halde fram med å nytte munnbind i butikkar og offentlege rom der ein ikkje kan halde einmetersregelen.

– Vi oppmodar òg føresette om å gi elevar munnbind til skulebuss om naudsynt, skriv ordføraren.

Les også

Desse tiltaka gjeld i Ullensvang no – og desse gjeld neste veke

Kommentarer til denne saken