Gå til sidens hovedinnhold

Testar rundt 80 personar etter siste påviste covid-19-tilfelle

Eidfjord kommune samla kommunal kriseleiing til møte i natt.

I ei oppdatert melding torsdag føremiddag skriv ordførar Anders Vatle at arbeidet med kartlegging av smittevegar i samband med det nye smittetilfellet går for fullt.

Skule og barnehage går på raudt nivå i Eidfjord

– Det kjem til å verta gjennomført eit omfattande testarbeid i tida som kjem, og alt i morgon vil om lag 80 personar verta testa.

Kriseleiinga i aksjon

Kommunal kriseleiing vart altså samla natt til torsdag. Vatle skriv at dei samarbeidar med Statsforvaltaren og FHI om korleis smittesituasjonen i kommunen skal handterast vidare.

Innførte raudt nivå

På grunn av smittetilfellet vedtok kommunal kriseleiing å innføra raudt tiltaksnivå i barnehagen, skulen og kulturskulen, frå og med torsdag.

– Dette gjer me fordi me enno ikkje har fått full oversikt over smittevegane. Men me set det nye smittetilfellet i samanheng med dei andre smittetilfella den siste veka, seier kommuneoverlege Rita Høvset i pressemedinga.

Les også

To nye koronatilfelle i Eidfjord – kommunen har sett i gang omfattande arbeid

Kommentarer til denne saken