Regjeringa vil jamna ut prisane på nettleige

Foto:

Av

Folk i distrikta betalar i dag mange stader mykje meir i nettleige enn folk i byen. Denne skilnaden ønskjer regjeringa å retta på.

DEL

Det går fram av den nye regjeringserklæringa, fortel E24. Der blir det teke til orde for tiltak som kan utjamna nettleiga.

Fleire forkjemparar meiner formuleringa om nettleige i regjeringsplattforma er svært viktig. Der står det at regjeringa vil «utrede og fremme tiltak for å utjevne nettleien for alle forbrukere gjennom et mest mulig effektivt organisert strømnett».

– Det er ein siger når det står at det skal koma tiltak. Då ventar eg at tiltaka vil kunna jamna ut dei store skilnadene i nettleige, seier stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF) som lenge har arbeidd for lik nettleige i heile landet.

Også dagleg leiar i Distriktsenergi, Knut Lockert, er glad for formuleringa om nettleige i regjeringsplattforma.

– Mange av dei som ønskjer lik nettleige les dette som at regjeringa faktisk forpliktar seg til å gjera noko, og ikkje berre vurdera det, seier han til avisa.

Ifylgje Distriktsenergi vil lik nettleige over heile landet bety at prisen på nettleige vil auka med rundt to øre per kilowattimar for folk i store byar som Oslo, mens prisen vil gå ned for folk på mindre stader.

Med den ordninga ein har i dag, betalar til samanlikning folk i Sogn og Fjordane i snitt 20 øre meir i nettleige per kilowattime enn folk i hovudstaden, fortel E24.

Artikkeltags