Straumprisane kan bli verande høge heilt til våren

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto Foto:

Av

Tørkesommar, høge CO2-prisar, dyrt kol og dyr gass har bidrege til høge straumprisar. Marknaden ser få teikn til nedgang med det første.

DEL

Vi er inne i den delen av året då vi brukar mest straum, og mange har fått merke at prisane har gått kraftig opp den siste tida. Tysdag kosta ein kilowattime 52,7 øre, skrivDagbladet.

Basert på Nasdaqs månadskontraktar ventar marknaden at prisen held seg på same nivå framover, seier informasjonssjef Aslak Øverås i Energi Norge til Dinside.no. Kontraktane for januar til mars ligg alle på rundt 50 øre per kilowattime, noko som tilseier at straumen vil bli verande dyr fram til våren.

Dei siste åra har prisane på straum om vinteren vore relativt låge, og vi må tilbake til 2010 eller 2011 for å finne same prisnivå som vi har denne vinteren. Vêret i år har bidrege til dei høge prisane, med store svingingar frå tørkesommar til rekordvåt haust. I tillegg har auka prisar på kol, gass og CO2-utslepp drege med seg dei europeiske straumprisane oppover.

I tredje kvartal i år var det lågare produksjon og eksport enn i same periode i fjor, og i nokre veker var vi nettoimportørar av straum.

– Det betyr at kraftprodusentane har spart vatn til vinteren, forklarar Øverås og legg til at regnet i haust har fylt opp vassmagasina til nærare normalen for årstida.

(©NPK)

Artikkeltags