Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar straumstøtteordninga til frivillige lag og organisasjonar som regjeringa oppretta med bakgrunn i dei ekstraordinære straumprisane. Onsdag klokka 13 var fristen for lag og organisasjonar til å søka om støtte for juli, august og september.

30 søknadar

Det har vore mogeleg å søka om støtte til denne perioden frå 31. oktober. Søknadene er vorte behandla og utbetalt fortløpande. Då fristen gjekk ut hadde 30 lag og organisasjonar i Ullensvang søkt om støtte for til saman 265.606 kilowattimar, med eit totalt søknadsbeløp på 484.559 kroner. 20 av søknadane var innvilga medan ti framleis var under handsaming.

Hardanger Folkehøgskule er den i Ullensvang som har søkt om mest støtte. Dei har meldt inn eit forbruk på drygt 108.000 kilowattimar for dei tre månadane. Dette har Lotteri- og stiftelsestilsynet rekna ut skal gje 191.070 kroner i støtte.

– Hadde gått stort i minus utan

– Eg søkte den dagen dei opna, og vi har fått pengane. For oss er denne støtta frykteleg viktig. Straumutgiftene har til tider vore tredobla i høve til normalen, så støtta er heilt avgjerande for at vi klarer å halda budsjettet. Vi hadde gått stort i minus om det ikkje hadde vore for denne ordninga, seier rektor ved Hardanger Folkehøgskule, Trond Instebø til Hardanger Folkeblad.

Frå heile Noreg var det levert 4262 søknadar om støtte til 55.911.835 kilowattimar, totalt over 109 millionar kroner.
Det er flest søknadar i kategorien idrett, 28 prosent. Du kan finna fleire detaljar på Lotteri- og stiftelsestilsynet si nettside, lottstift.no.

Støtteordninga gjeld fram til mars neste år, og gjeld for lag og organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg snittpris på over 70 øre per kilowattime i søknadsperioden.