Avisa Hordaland: Fjellpartiet Tussafoten i Eidfjord vert no sett under kontinuerleg overvaking døgnet rundt. Dette melder Noregs vassdags- og energidirektorat (NVE) i ei pressemelding tysdag.

Tussafoten er no eitt av totalt ni fjellparti i Noreg som er definert som såkalla høgrisikoobjekt.

Kan forårsaka flodbylgje

Fjellpartiet ligg 1100 meter over Øvre Eidfjord og Eidfjordvatnet.

– Eit større fjellskred kan ramma Øvre Eidfjord og mindre delar kan nå Eidfjordvatnet og forårsaka ei mindre flodbylgje, skriv NVE i pressemeldinga.

Norges geologiske undersøkelse (NGU) har kartlagd fjellpartiet sidan 2017.

Også overvaking ved Flåm

Også fjellpartiet Stiksmoen i Aurland får no overvaking 24 timar i døgnet og status som høgrisikoobjekt.

NVE melder om at et mogleg skred frå Stiksmoen vil kunna skapa ein flodbylgje som kan ramma Flåm sentrum.

NVE tek ansvar for varsling

Med overvaking 24 timar i døgnet og status som høgrisikoobjekt, tek NVE ansvaret for varsling til kommune, politi og statsforvaltar ved endring av farenivå.

– Me anbefalar no Eidfjord og Aurland kommune om å etablera eit beredskapsplanverk. Dette inneber mellom anna varslingssystem for befolkninga, etablering av tydelege evakueringssoner, ein plan for oppretthalding av kommunale tenester og ein plan for god samhandling med andre beredskapsaktørar. I tillegg må kommunane ta omsyn til nye faresoner i arealplanlegginga, seier leiar for skredseksjonen i NVE, Lars Harald Blikra.