Avisa Hordaland: Totalt var det 24 tunge og tre lette køyretøy innom kontrollplassen, og av desse vart det gjeve ut skriftlege åtvaringar for 19 brot på køyre- og kviletid.

To sjåførar vart melde for køyring utan gyldig førarkort i fartsskrivar.To køyretøy fekk teknisk mangellapp på grunn av feil med fartsskrivar som registrerer køyre- og kviletida.Eit føretak vart meldt for utgått kalibrering av fartsskrivar.

Det opplyser Damian Kalawski i Statens vegvesen.

Vidare var det delt ut tre mangellappar; to grunna manglande lys og eitt grunna diverse feil.

Totalt var det fire køyretøy som fekk bruksforbod.

– Føraren av eit køyretøy fekk bruksforbod på grunn av mangelfull sikring av last, og eitt grunna utstikkande last, informerer Kalawski.

Det vart også delt ut gebyr på totalt 10.250 kroner på grunn av overlast, manglande kjetting og køyring med utgått førarkort.

Det var også ein førar som fekk skriftleg åtvaring for ikkje å ha medbringa ADR bevis, noko ein krev frå alle køyretøy som transporterer farleg gods.

– Det vart sendt ein rapport til skatteetaten for manglande vekstårsavgift.