I 2013 fekk dei 20 gardsbruka som fekk mest produksjonstilskot, til saman 29 millionar kroner. I 2019 får dei 20 som får mest, til saman 48,4 millionar kroner i tilskot. Det er ein auke på 67 prosent på seks år, skriv Klassekampen.

– Regjeringa er ikkje konsekvente. Dei hadde som politisk rettesnor at dei store ikkje treng overføringar i det heile, men slik dei har ordna det, er dei store heilt prisgitt overføringar, seier generalsekretær Olaf Godli i Norsk Bonde- og Småbrukarlag til avisa.

Organisasjonen meiner konsekvensen er at dei små og mindre lønnsame bruka blir skvisa, og resultatet blir nedlegging av jord i drift i dal- og fjellbygder i indre bygder på Vestlandet og i Nord-Noreg.

Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) meiner små og mellomstore bruk har vorte prioritert. Regjeringa har auka landbruksstøtta med to milliardar kroner.

– Gjennomgåande får små og mellomstore bruk i husdyrhaldet ein klart større del av inntekta si frå tilskot enn det store bruk gjer. Eit bruk med 15 kyr får om lag 42 prosent av inntekta frå tilskot, mens eit bruk med 62 kyr berre får 25 prosent tilskot. I planteproduksjonane er tilskotsprofilen meir flat, slik prisen er, og aukar dermed med størrelsen på føretaket, skriv Bollestad til avisa.