I veke tre var det registrert sju nye smittetilfelle med korona påvist med PCR i Eidfjord kommune.
– Me forventar positive prøvar denne veka òg, svarar ordførar Anders Vatle på spørsmål om korleis det ser ut no i veke fire.
Sidan nyttår har det vore ein stigande trend i Eidfjord, som i resten av landet. Men det skal vera god oversikt gjennom smittesporingsarbeidet. Det gjeld òg for dei kjende tilfella som er i kommunen no.
– Det er verdt å nemna at me ligg svært godt an når det gjeld oppfriskingsdosen, legg ordføraren til.
Eidfjord ligg altså høgt på nasjonale oversikter for kor mange som har teke dose tre.
– Det viser at vaksinasjonsviljen er stor i Eidfjord og at ein stiller opp. Det er kjekt å sjå, meiner Vatle.
Eidfjord kommune oppmodar alle til å ta vaksinen når dei får tilbodet og minnar om dei generelle smittevernsråda:
- God hand- og hostehygiene
- Hald deg heime om du vert sjuk
- Test deg om du får nyoppståtte luftvegssymptom
- Avgrens talet på nærkontaktar