Stenger veg på grunn av rasfare

Rådmann Ole-Jørgen Jondahl og lensmann Terje Kvalvik

Rådmann Ole-Jørgen Jondahl og lensmann Terje Kvalvik Foto:

Kommunen har i samråd med politiet og NGI avgjort å stenge Kleivavegen nord fredag.

DEL

- På grunn av snømengdene i fjellet på vestsida i Odda, og basert på synfaringa vi hadde i helikopter onsdag, samt dialog som vi har hatt med NGI i i dag, har vi bestemt at vi stenger Kleivavegen nord fredag ettermiddag, seier rådmann i Ullensvang kommune, Ole-Jørgen Jondahl.

Det er skredfare på raudt nivå i heile Hardanger, og vêret skal bli endå dårlegare utover fredagen. Vegen blir brukt av dei som skal til Kalvanes, og dei må no køyre opp på sentrumssida.

– Det er for å unngå trafikk i krysset, som ligg midt i skredløpet, seier han.

Saman med lensmann Terje Kvalvik understrekar han at dei ikkje vil skape unødig frykt, men at dette er eit relativt enkelt tiltak å sette i verk basert på situasjonen slik dei vurderer den no.

– Det er på sin plass at vi set i verk tiltak for å førebygge, seier dei, og legg til at rassikringa i området skal vere dimensjonert for å leia snøskred unna bebyggelsen.


– Det såg vi og på Egne Hjem då det gjekk ras der nyleg, at vollane og kjeglene fungerer slik dei skal.

Vegen blir etter planen stengt over natta, og kommunen skal ta ei ny vurdering laurdag.

– Vi har eit nytt møte med NGI laurdag morgon, opplyser rådmannen.

– Vi er i dialog med Statens vegvesen om at dei skal få opp skilt i same område, samt litt nord for Tokheimselva, om at bilistar bør unngå unødig stans i området, seier Jondahl.

Dei har og anbefalt Vegvesenet om å gjere liknande tiltak på kvar side av brua over Eitrheimselva.

– Dette for å unngå stans på begge sider av brua. Det har gått nokre ras i det eine skredløpet der oppe, og kjem det endå meir snø kan det gå ras heilt ned til elva, seier Jondahl.

Kalvanes: Dei som skal til Kalvanes må køyre opp på sentrumssida.

Kalvanes: Dei som skal til Kalvanes må køyre opp på sentrumssida. Foto:

Artikkeltags