Stenger sambandet for å demontera og riva to ferjekaier

Fram til no er blant anna fundamenta for nye ferjekaier støypt, og entreprenør har gjort førebuande arbeid til sjølve hovudarbeidet som no skal gjerast.

Fram til no er blant anna fundamenta for nye ferjekaier støypt, og entreprenør har gjort førebuande arbeid til sjølve hovudarbeidet som no skal gjerast.

No skal nye og større ferjelemmar på plass i Jondal og Tørvikbygd, og ferjekaiene blir difor stengt frå og med tysdag 2.juni til og med sundag 14. juni.

DEL

Det går fram i ei pressmelding frå Vestland fylkeskommune. Dei to ferjekaiene var også i starten av mars stengt på grunn av det førebuande arbeidet og det vart varsla ny stenging i mai.

- Grunna koronasituasjonen er framdrifta på prosjektet blitt forskyvd slik at oppstart av andre stengeperiode er utsett til 2. juni, heiter det i pressemeldinga.

Bakgrunnen for stenginga er at det frå nyttår vart sett inn ei større ferje i sambandet. Ferjeleiene er ikkje tilpassa ei så stor ferje, og det er difor behov for utskifting av ferjelemmen både i Jondal og i Tørvikbygd.

Fram til no er blant anna fundamenta for nye ferjekaier støypt, og entreprenør har gjort førebuande arbeid til sjølve hovudarbeidet som snart skal starta.

- I denne perioden vil sjølve ombygginga av ferjekaiene skje, og dagens ferjekaier skal demonterast og rivast. Arbeidet skjer på ferjekaiene på same tid i Jondal og Tørvikbygd, melder fylkeskommunen.

Tilrådd omkøyring med bil er via ferjesambandet Gjermundshamn – Årsnes. Ombygginga vil få konsekvensar for trafikantar, og Skyss vil setje inn alternativ båttransport og korresponderande bussar for dei reisande.

- Det er eit avgrensa tal på parkeringsplassar tilgjengeleg ved ferjekaiene i Jondal og Tørvikbygd, påpeiker Fylkeskommunen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken