Går mot RV 7 aust-vest

Fylkesrådmann Rune Haugsdal vil satsa op E134 med arm til Bergen.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal vil satsa op E134 med arm til Bergen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Fylkesrådmann Rune Haugsdal seier nei til Hardangervidda som nasjonalt hovudvegsamband aust-vest.

DEL

Dette skriv NRK Hordaland på sine nettsider.

I si tilråding til fylkesutvalet skriv Haugsdal at E134 over Haukeli med arm frå Odda til Bergen er det einaste samfunnsøkonomiske aust-vest-konseptet mellom Oslo og Bergen.

I spørsmålet om hovudvegsamabnd mellom aust og vest er det semje om å velja E134 over Haukeli som det ein av hovudsambanda. I spørsmålet om traseval to står det mellom RV7 over Hardangervidda og RV 52 over Hemsedal. I denne diskusjonen er den sokalla Hordalandsdiagonalen sett opp mot RV 7 over vidda.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal vil altså satsa på E134 med arm til Bergen. Men han ønskjer ikkje noko opprusting av vegen gjennom Hemsedal. I si tilråding til fylkesutvalet skriv Haugsdal: "Det er gjort store investeringar på E16 over Filefjell, som er føresett fullført innan 2018. Fylkesutvalet viser til at utbygging av Rv52 er samfunnsøkonomisk ulønsam. Fylkesutvalet legg derfor til grunn at E16 og Rv52 til saman stettar transportbehova i framtida mellom Sogn og Fjordane og Austlandet."

Artikkeltags