Nedetid for køyetøytenester og stengte trafikkstasjonar

Statens vegvesen. Odda trafikkstasjon. Illustrasjonsfoto

Statens vegvesen. Odda trafikkstasjon. Illustrasjonsfoto

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

No skal systema som blir brukt til køyretøytenestar oppdaterast, og det betyr at ingen kan bruke desse tenestene i perioden 22. til og med 24. november. Alle trafikkstasjonane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane blir difor stengt fredag 22.november.

Det opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

- Verken tilsette på trafikkstasjonen eller dei som svarar på telefon har tilgang til køyretøysystema. Det blir difor ikkje mogleg å bruke våre digitale tenester på vegvesen.no, eller møte opp på våre trafikkstasjonar i denne perioden, seier seksjonsleiar Sigfred Sivertsen i Vegvesenet.

- Vi beklagar at vi er nødt til å stenge tilgang til tenestene desse dagane. Vi er i gong med å fornye eit 40 år gammalt system. Tidlegare i år flyttet vi over alle data. Tiden er no komen for å installere nye, integrerte løysingar, uttalar ho.

Frå 25. november skal alt på vegvesen.no fungera som normalt.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken