Flaumstor bekk stengde riksveg 13 i Deildo

Frøynesbekken fløymer over.

Frøynesbekken fløymer over. Foto:

Statens vegvesen melder om at vegen er open, men med manuell dirigering.

DEL

Røyra til Frøynesbekken som ligg midt i anleggsområdet i Deildo, greidde ikkje svelgja unna vatnet og vatnet byrja å renna ut i vegen.

- Vi må grava opp vegen og leggja ned ei ekstra stikkrenne og deretter byggja opp att vegen, opplyser byggjeleiar Terje Nesse i Statens vegvesen.

Han antyda kring klokka 12.45 at arbeidet kom til å ta tre timar.

Men arbeidet tok mindre tid enn venta.

- Det vart lagt ned to ekstra røyr, informerer Nesse.

Vegvesenet varsla naudetatane og Ullensvang herad.

Heradet melde om at elevar som har skuleskyss, vert på skulen inntil vidare.

Buss fraktar elevane heim når vegen opnar.

Klokka 14.30 er det sett opp buss frå Lofthus. Bussen går heilt inn til Odda, ifylgje Ullensvang herad.

Artikkeltags