– Måndag 06. desember startar Ullensvang kommune med utlevering av hurtigtestar til innbyggjarar, melder kommunen på sine heimesider.

Om du har sår hals, rennande nase eller andre teikn på forkjøling, håpar kommunen at du tek ein hurtigtest. Testane er gratis.

– Ved symptom må du ha på deg munnbind ved utlevering av hurtigtest, dette gjeld både vaksinerte og uvaksinerte. Testane vert utlevert ein og ein, bruksrettleiing ligg i pakken, presiserer Ullensvang kommune vidare.

Ved positivt svar på hurtigtest, skal du kontakt koronatelefonen for å avtala time til PCR-test. Personar med positivt svar skal gå i isolasjon og informera sine nærkontaktar om at dei kan ha vore utsett for smitte, heiter det i meldinga.