Gå til sidens hovedinnhold

Startar rassikring i byggefelt

Artikkelen er over 2 år gammel

Jondal kommune har inngått ein avtale om rassikring av byggefeltet Hestahagen i Jondal sentrum med Wimo fjellsikring AS, skriv Hordaland Folkeblad.

Ifølge avisa blir arbeidet truleg starta i januar og avslutta i april.

Kommunen har fått pengar frå NVE til å gjennomføre prosjektet, som skal sikre fleire hus i Hestahagen mot steinsprang. Direktoratet har sett krav til at arbeidet skal vere ferdig før juni.

Kommentarer til denne saken