Det er fordi Folkehelseinstituttet anbefaler ein ny oppfriskingsdose for enkelte målgrupper av koronavaksinen.

Kommunen skriv vidare at dette er aktuelt for personar frå 75 år og oppover, og folk som bur på sjukeheim. I tillegg oppmodar kommunen personar mellom 18 og 74 år som har underliggande risiko for alvorleg sjukdomsgang å ta ein ny dose med vaksine.

– Oppstart først i veke 30 er grunna levering av vaksinar, opplyser kommunen.

For resterande nemnde gruppe vil oppstart av vaksinasjon vere avhengig av smitteutviklinga. Kommunen har planar om å tilby den fjerde dosen frå 1. september.

Det vert til slutt minna om at ein oppfriskingsdose kan ein først få fire månader etter den siste vaksinedosen.