Stadfestar sesong 2 av Ragnarok

Netflix publiserte dette onsdag ettermiddag. Skjermdump: Netflix.

Netflix publiserte dette onsdag ettermiddag. Skjermdump: Netflix.

Det blir ein sesong 2 av Netflix-serien Ragnarok. Det publiserte Netflix på si Facebook-side onsdag.

DEL

— Verdas undergang har så vidt begynt. Sesong to er med dette bekrefta, skriv Netflix på Facebook.

Sesong 1 av serien blei tilgjengeleg i januar, og har hausta gode tilbakemeldingar internasjonalt. No er det altså stadfesta at det blir ein sesong 2 av serien, som har mange scener som er spelt inn i Odda.

HF snakka med manusforfattar Adam Price i februar, fortalde han at han og danske SAM productions jobba med ein sesong 2, men at dei venta på bestilling frå Netflix.

— Det er sjølvsagt noko vi håper på, og då kjem vi tilbake til Odda, sa han.

Artikkeltags