– Løpet gjekk over om lag 115 kilometer med om lag 6500 høgdemeter stigning, og ditto nedstigning. Det var start frå Turtagrø og målgang på Beitostølen, fortel Torgils Eide.

Saman med Hildegunn Espe, Bjørn Bleie, Finn Arve Berget og Svein Buer starta han fredag kveld. Dei lokale fullførte på mellom 30:50 og 33:40 timar i «mosjonistklassen».

 

– Løpet går i et utan kvile, men det er 3 matstasjonar/sjekkpunkt undervegs der ein får mat og drikka. Det er og legesjekk for å sjå om ein er i god nok form til å fortsetta, forklarar Eide.

Les og: Fullførte ekstremløp på 26 og ein halv time

Det var 244 deltakarar, og Gjermund Nordskar vann XREID for tredje år på rad. Han brukte 18 timar og 17 minutt. Broren Jo kom 30 minutt etter og hamna på andreplass.