Sp og SV valvinnarar i Ullensvang

Noverande varaordførar Gard Risan og ordførar Solfrid Borge.

Noverande varaordførar Gard Risan og ordførar Solfrid Borge. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Sp vart den store valvinnaren i Ullensvang der den totale valdeltakinga var på skuffande 63 prosent.

DEL

Sp går opp med to mandat til 10 og fekk 46,1 prosent av røystene. Og Solfrid Borge kan behalda ordførerklubba for sin fjerde periode.

Her kan du sjekka resultata: Ullensvang - mandater

Ingen av partia vil forskotteringa samarbeid neste periode. Når valnatta er over, kan forhandlingsutvala starta den prosessen.

- Dette er jo gledelig resultat, seier Borge som og er glad for at alle partia er med vidare, at ingen ser ut til å falla ut.

Ho strekar under at fintellinga ikkje er gjort og at den kan gje utslag på mandatfordeling.

Varaordførar?

SV har og gjort det godt i valet, dei får tre mandat mot ein i dag.

Ap som har varaordførar i dag, får eitt mandat til og stiller med tre komande valbolk, Gard Hjørnevik Risan er godt nøgd med resultatet, men skulle gjerne hatt eitt til.

- Me ser fram til neste periode, seier han.

- Det er klart det er skuffande, men det stemmer med landstrenden, seier Eli Johanne Hope, Høgre sin førstemann i en kommentar til at det ser ut til at partiet mister to mandat og må nøye seg med to neste periode.

KrF ser ut til å behalda sitt eine. Venstre mister tre av fem mandat.

Venta nedgang

- Me forventa nedgang, men dette er ikkje kjekt, seier Petter Sexe Ulriksen.

Han lovar at partiet skal halda fanen høgt og vera like synlege komande valbolk.

SV og KrF var ikkje med på valvaka på heradshuset  i Kinsarvik.

- Dette er overveldande, men ikkje noko er avgjort, sa ordførar Solfrid Borge i ein kommentar etter at dei fleste førehandsrøystene var talde opp.

- Sjølvsagt er det hyggelige tal å sjå, smilte Borge som gjerne tek ein fjerde periode med ordførerklubba i Ullensvang.

Her kan du sjekka resultata:

Senterpartiet fekk 269 av 559 talde førehandsrøyster.

Arbeidarpartiet fekk 82, SV 70, H 56, V 52 , KrF 29 . Ein har røysta blankt.