– Valnemnda i Hordaland Senterparti har innstilt stortingsrepresentant Nils T Bjørke som fylkesleiar i Hordaland Senterparti. Nils T Bjørke er ein 62 år gammal bonde frå Voss, melder partiet i ei pressemelding torsdag kveld.

Bjørke har lang erfaring som organisasjonsmann, og sat som leiar i Noregs Bondelag frå 2009 til 2014. I dag er han inne i sin andre periode som stortingsrepresentant for Hordaland Senterparti, heiter det i meldinga.

«Jostein Ljones varsla tidleg i prosessen at ha ikkje ønskja attval som fylkesleiar. Valnemnda ønskjer å takke Ljones for den store innsatsen han har lagt ned i 10 år som fylkesleiar», opplyser leiar i valnemnda, Annlaug Såkvitne.

Framlegget frå valnemnda til fylkesstyre i Hordaland Senterparti er som følger:

Leiar: Nils T Bjørke – Voss

Nestleiar: Lars Fjeldstad -Osterøy

Nestleiar: Hege Eide Vik -Vaksdal

Studieleiar: Alexander Fosse Andersen – Bergen

Styremedlem: Bjørn Asle Teige -Bømlo

Styremedlem: Lajla-Margrethe Lindskog-Lund -Ullensvang

Styremedlem: Rigmor Søvik -Masfjorden