– Sørfjordmesterskapet vart ein stor suksess! Ikkje ofte me greier få påmelde til 11 bord, opplyser Gunn Olaug Hanevik i ein e-post.
Arrangementet er ein del av Hardanger spelfestival. Hanevik legg til at både spelarar og styre er nøgde med arrangementet, og vil satsa igjen til neste år.
– Me vil gjerne få bere fram ein stor takk til hotelldirektør Ole Melkeraaen som helt lokal for oss, skriv ho.
Resultat Sørfjordmesterskapet:
Nr. 1 Jarle Heddeland og Sverre Audun Haarde-Ølen.
Nr. 2 Leif Arne Halleraker og Arne Gothi-Sauda.
Nr. 3 Knut Kaupang og Øystein Sørerdal-Odda.
Nr. 4 Rolf S. Boonoheng og Per Hereid-Odda
Nr. 5 Ørjan Bakke og Øyvind Søtveit- Kvinnherad
Singelturneringa fredag 21. april vart vunne av Per Hereide.