Elendig sommar for norske iskremprodusentar

Is: Sel dårleg så langt i år. (Illustrasjonsfoto)

Is: Sel dårleg så langt i år. (Illustrasjonsfoto)

Av

Dei låge sommartemperaturane har ført til dårlegare iskremsal i år enn i fjor.

DEL

Norgesgruppen melder at iskremsalet har falle nesten 6 prosent frå tilsvarande periode i fjor, skriv Nationen.

– Det er mangel på sol dei siste vekene som må få skulda for det sviktande salet, seier kommunikasjonssjef Kine Søyland i Norgesgruppen.

Harald Kristiansen, kommunikasjonssjef i Coop Noreg, fortel at også dei opplever ein nedgang i issalet. Så langt i år har det gått ned 8 prosent sat opp mot i fjor, medan i juni har dei hatt ein nedgang på 4 prosent frå i fjor.

– Men med tanke på det enorme salet i fjor trudde eg at nedgangen skulle vore større i og med at varmen ikkje har komme i år. No har vi eit ganske normalt sal. Med andre ord: Ein normal norsk sommar, seier han.

Økonomidirektør Geir Inge Hansen i Diplom-Is er samd i at vêret er hovudgrunnen til at issalet går dårlegare enn i fjor.

– Det er berre å sjå ut vindauget, det vêret gjer ikkje at vi får så lyst på is. I fjor var det jo ein ekstrem sommar og lysta på is var òg større, seier han.

For iskremprodusentane er sommarmånadene avgjerande for årsresultatet. Det er mai, juni og juli som er dei tre månadene i året der issalet går best.

Artikkeltags